Ålhus kyrkje står på Ålhus i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1795.

mini|venstre|Kyrkja fotografert i 1934.

Kyrkja vart restaurert i 1868, då vart kyrkja bordkledd og kvitmåla og vindaugene vart gjord høgare. I 1871 vart det bygd galleri og veggene innvendig vart gulmåla medan taket vart måla kvitt. Sakristi vart bygd til i 1933. I perioden 1947-1951 vart kyrkja restaurert, då vart mellom anna gulmålinga teken bort att frå veggene.

Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen. Altartavla, altaret, døypefonten, ei kyrkjeklokke og preikestolen vart flytt over frå stavkyrkja og er framleis i bruk. Altaret er i kleberstein og har gøymerom for relikviar.

Også døypefonten er frå mellomalderen, medan altartavla er ein kopi etter Rubens og vart gjeven til kyrkja i 1691. I våpenhuset står det ei gammal dør som det vert sagt at er frå borga til Audun Hugleikson. Gravstaden til målaren Nikolai Astrup er på kyrkjegarden ved kyrkja.

Ålhus kyrkje er soknekyrkje i Ålhus sokn i Sunnfjord prosti. Fram til Vassenden kyrkje vart vigsla i 2002 var ho einaste kyrkja i soknet.

Far til målaren Nikolai Astrup var sokneprest i Ålhus, og Astrup vaks opp på prestegarden ved kyrkja. Mange bilete av Astrup har inspirasjon frå oppveksten og ungdomstida på prestegarden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Øvrebø, Egil og Oddleiv Apneseth, Ålhus kyrkje. Utg. Ålhus sokneråd. ISBN 82-993444-0-9. 109 s. Ill. Om Ålhus sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Ålhus kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Jølster kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Kulturminne i Sunnfjord Kategori:Valkyrkjer i 1814