mini|200px|Sigrid Undset, fotografert av Carl Van Vechten i 1927.

Sigrid Undset () var ein norsk forfattar som mottok Nobelprisen i litteratur i 1928, «spesielt for sine mektige beskrivelser av livet i Norden i middelalderen». Ho skreiv på riksmål, og er mest kjend for romanane om livet i skandinaviske land i mellomalderen. Undset sitt mest kjende verk er Kristin Lavransdatter (publisert 1920–1922).

Undset vart fødd i Kalundborg i Danmark som dotter av arkeologen Ingvald Martin Undset og den danske kona hans. Då Sigrid var to år gamal flytta familien til Kristiania (Oslo).

Den lange yrkeskarrieren hennar tok til i Oslo, der ho arbeidde som kontordame. Ho sende tidleg romanmanuskript til forlaget Gyldendal i København. Direktør Peter Nansen nøgde seg med å svara: «Forsøk Dem ikke mer paa historiske romaner. Det kan De ikke.» Det skulle seinare visa seg at det var særleg som forfattar av historiske romanar Undset skulle verta verdskjend.

Ho debuterte i 1907, med samtidsromanen Fru Marta Oulie. Men gjennombrotet kom med romanen Jenny i 1911.

Ho arbeidde om natta frå ho var ung, åleine, medan ho drakk kaffi og røykte sigarettar. I arbeidet med dei historiske romanane fekk ho konsulenthjelp hjå ekspertise i historie, norrøne tekstar, teologi osb. når det var naudsynt.

mini|Bilete frå Bjerkebæk, diktarheimen hennar på Lillehammer. Frå 1919 av budde ho på Lillehammer, der ho fekk bygd ut eigedomen Bjerkebæk. Under skrivinga av Kristin Lavransdatter budde ho delvis på ein gard ved Husaby i Skaun, dit delar av handlinga i trilogien er lagt.

Sigrid Undset konverterte til den katolske kyrkja i 1924. Ho gav Den norske katolske kyrkja stor merksemd og stønad, var bidragsytar og redaksjonsmedlem av det katolske tidsskriftet St. Olav. I ei årrekkje skreiv ho for det katolske juleheftet Kimer i klokker, ho donerte pengar for bygging av eit katolsk kapell på slagstaden for slaget ved Stiklestad i Verdal. Ho stifta ei foreining for bøn for norske katolske prestekall, og eit legat for stønad til utdanning til unge katolikkar.

Dei litterære verka hennar handlar mellom anna om problem for bykvinner, og om konfliktane knytt til kvinner som braut med dei tradisjonelle kjønnsrollemønstra. Under den andre verdskrigen kom ho seg over til USA og arbeidde der for frigjering av Noreg.

Sigrid Undset var i ei årrekkje medlem av Forfattarforeninga sitt litterære råd, og formann 1935–40. Ho mottok storkorset av St. Olav i 1947.

Verkliste Fru Marta Oulie (roman), 1907 Den lykkelige alder (noveller), 1908 Fortællingen om Viga-Ljot og Vigdis (roman), 1909 Ungdom (lyrikk), 1910 Jenny (roman), 1911 Fattige skjebner (noveller), 1912 Vaaren (roman), 1914 Fortællinger om kong Artur og ridderne av det runde bord (historie), 1915 Splinten av troldspeilet (roman), 1917 Tre søstre (essays), 1917 De kloge jomfruer (noveller), 1918 Et kvindesynspunkt (essays), 1919 Kristin Lavransdatter (romantrilogi), 1920–22 (Dei tre delane heiter «Kransen» (1920), «Husfrue» (1921) og «Korset» (1922).) Vårskyer, 1921 Sankt Halvards liv, død og jærtegn, 1925 Olav Audunssøn i Hestviken (roman), 1925 Olav Audunssøn og hans barn (roman), 1927 Katholsk propaganda (essays), 1927 Gymnadenia (roman), 1929 Etapper (essays), 1929 Den brændende busk (roman), 1930 Hellig Olav, Norges konge (essays), 1930 Ida Elisabeth (roman), 1932 Etapper. Ny række (essays), 1933 To europeiske helgener, 1933 Elleve aar (sjølvbiografisk roman), 1934 Den trofaste hustru (roman), 1936 Norske helgener (historie), 1937 Selvportretter og landskapsbileder (historie), 1938 Madame Dorthea (roman), 1939 «Klosterliv» – «På pilegrimsferd» – «Sognekirken» (i Norsk kulturhistorie II), 1939 Sigurd and his brave companions. A tale of medieval Norway (barnebok), 1943 Tilbake til fremtiden (memoarar), 1945 (engelsk utgåve kom allereie i 1942) Lykkelige dager (memoarar), 1947 (engelsk utgåve kom allereie i 1942) Posthume utgjevingar Caterina av Siena (historie), 1951 Artikler og taler fra krigstiden (essays), 1952 Sigurd og hans tapre venner (roman), 1955 Sten Steensen Blicher (kulturhistorie), 1957 Østenfor sol og vestenfor måne (dramatisering for barneteater) 1959 (skrive 1927) I grålysningen (roman), 1968 (skrive 1911) Prinsessene i Berget det blå (barnebok) 1973 (skrive 1928) Kjære Dea (brev), 1979 Fred på jorden (noveller), 1992 Tolv år (uferdig manuskript til sjølbiografisk roman), 1998

Bakgrunnsstoff

Innenfor gjerdet. Hos Sigrid Undset på Bjerkebæk Sigrid Undset-bibliografi 1907-2007 Maihaugen om Sigrid Undset og Bjerkebæk

Undset, Sigrid Undset, Sigrid Undset, Sigrid Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden