Den heilage Stefan, død omkring år 35 i Jerusalem, er ein kristen helgen rekna som ein protomartyr eller den første martyren i kristendommen. Han var etter Bibelen diakon. Festdagen hans er den 25. desember i armensk kristendom, 26. desember (2. juledag) i vestleg kristendom og 27. desember i austleg kristendom.
Liv mini|venstre|Stefan i Överselö kyrka. Stefan eller Stefanos var den første kristne martyren og vert difor kalla protomartyr. Ifylgje Apostelgjerningane var han leiar for dei gresktalande medlemene av kyrkjelyden. Han vart dømd til døden ved steining av det jødiske rådet, og Saulus, den seinare Paulus, samtykte til steininga.
Stefanos var den førte diakonen i kyrkja. Embetet vart innført for å avhjelpe apostlane med materielle tenester, som å dele ut mat til dei fattige.
Den heilage Stefan er vernehelgen for hestar, kuskar, stalledrengar, steinhoggarar, skreddarar, vevarar og tømmermenn.
I kalkmålingar og på altarskap i svenske kyrkjer er Stefan måla på kalkveggar og blir framstilt i diakondrakt med tre steinar.
Sjå òg Staffan stalledräng Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stefanos» frå , den 26. desember 2008. oppgav desse kjeldene: Farmer, David Hugh, The Oxford Dictionary of Saints. 3. utg. Oxford: Oxford University Press 1992. ISBN 0-19-283069-4 The Book of Saints: A Dictionary of Servants of God. 6th ed. London: Cassell 1994. ISBN 0-304-34357-9 Referansar
Bakgrunnsstoff Catholic Encyclopedia: St. Stephen
Kategori:Personar i det nye testamentet Kategori:Helgenar