Volgodonsk (russisk Волгодо́нск) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg på vestsida av Tsimljanskreservoaret og har om lag 160 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagt i 1950 og voks raskt på grunn av bygginga av Volga-Don-kanalen og Tsimljanskreservoaret. Volgodonsk fekk bystatus i 1956.

Volgodonsk vart ei kort stund kjend i nyhendene i 2003 då det vart halde ein konkurranse om å drikke mest mogeleg vodka, og vinnaren, som drakk 1,5 liter vodka, døydde av alkoholforgifting. Arrangøren vart anmeldt for uaktsamt drap.Vodkakonkurranse

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Volgodonsk» frå , den 25. desember 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Byar i Rostov oblast