Den norske Lyrikklubbens pris var ein norsk lyrikkpris som tidlegare heitte Hartvig Kirans minnepris, og som vart delt ut i åra 1996–2004. Etter 2004 har ikkje prisen vorte utdelt.
Prisen vart delt ut om våren året etter at boka kom ut, og gjekk til ein lyrikar som «på tross av sin utvilsomme litterære kvalitet er lite synlig i det offentlige rom». Det var Den norske Lyrikklubben som delte ut prisen.
Tildelingar 1996: Hanne Bramness for Revolusjonseleiger 1997: Tone Hødnebø for Pendel 1998: Torgeir Rebolledo Pedersen for Blåveisfra 1999: Arne Ruste for Indre krets 2000: Inger Elisabeth Hansen for Fraværsdokumenter 2001: Øyvind Rimbereid for Trådreiser 2002: Steinar Opstad for Synsverk 2003: Espen Stueland for Å si om seg selv 2004: Pedro Carmona-Alvarez for Prinsens gate
Bakgrunnsstoff Den norske Lyrikklubben
Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Skipingar i 1996