«And Your Bird Can Sing» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles, og vart første gong gjeven ut på albumet Revolver i 1966. Songen vart skriven av John Lennon, men er på sedvanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Arbeidstittelen på songen var «You Don't Get Me».
Teksten, med tilsynelatande gåtefulle referansar til grøne fuglar, kjære eigendelar og sju underverk, kan kanskje vere ein psykedelisk inspirert visjon av røynda.
Lennon har seinare referert til songen som «skrekkeleg» og «eit venstrehandsarbeid» og kalla han «ei tom eske med flott innpakkingspapir». I eit stort intervju med magasinet Playboy uttalte Lennon kort før han døydde at han sjølv vurderte denne songen som sin dårlegaste nokon gong, med unntak av «Dig a Pony».
Innspelinga har den same særeigne gitarlyden som pregar resten av Revolver, og vert innleia med ein karakteristisk tostemt gitarintro spelt av George Harrison og Paul McCartney. Innspelinga vart gjort den 26. april 1966.
Medverkande John Lennon – solovokal, rytmegitar, klapping Paul McCartney – harmonivokal, bass, sologitar, klapping George Harrison – harmonivokal, sologitar, klapping Ringo Starr – trommer, tamburin, klapping Personell per Ian McDonald, bortsett frå der andre nemnde.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «And Your Bird Can Sing» frå , den 15. desember 2008. oppgav desse kjeldene: Turner, Steve. A Hard Day’s Write: The Stories Behind Every Beatles’ Song, Harper, New York: 1994
Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack om «And Your Bird Can Sing»
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Jam-songar Kategori:The Flamin' Groovies-songar