mini|Slingrande ormar på ein runestein frå Uppland i Sverige, 1000-talet, (Upplands runinskrifter U871). mini|Linnormbrønnen i Klagenfurt. mini|... og byvåpenet i Klagenfurt. Linnorm er eit fabelvesen nytta som allegorisk, grafisk og heraldisk figur. Det liknar på fabelvesenet drake, men har to bein og ikkje fire som draken. De oppheld seg gjerne i dei store skogane eller i vollgraver. Ordet «linnorm» kjem frå det norrøne linnormr, der forleddet linnr eller linni tydar ‘slange’. I meininga ’bøygeleg eller mjuk’ kan ordet også ha gjeve namn til treslaget lind.
Linnorm i kulturen Ein naturmytisk ballade «Lindormen» (TSB A29) har mange motiv til felles med eventyret om «Lindormen» (AT 433). Sjå også kjempevisa «Ormkampen» (TSB E156).
Linnorm opptrer også i fantasiriket Nangijala i Astrid Lindgren-boka Brødrene Løvehjerte.
Kategori:Sjøuhyre Kategori:Svensk folketru Kategori:Dyr i norrøn mytologi Kategori:Mytologiske ormar