Dina er eit kvinnenamn, av hebraisk opphav som tyder 'ho so, dømer' . Namnet kan òg vere ei kortform av namn sim sluttar på -dina, som Randina, Bernhardina. På engelsk kan namnet stavast Dinah.
Dina har i Noreg namnedag 30. desember.
Bruken av namnet i Noreg Namnet Dina var lenge lite bruka, men populariteten fekk eit kraftig oppsving i 1990-åra.
I folketeljinga frå 1801 var det 23 som hadde namnet i formene Dina, Dine, av dei 9 i Nordland. I 1900 var 1589 personar som var listeførte med namneformene Dina, Dine, Dinna, også no flest i Nordland. I 2008 var det 1658 med Dina 200 til første fornamn, 12 heitte Dine.
Dina som bibelsk namn Etter å ha fått seks søner, fekk Lea i følgje Fyrste mosebok dottera Dina med Jakob.1. Mos. 31,21 Om Dina og Sikem, sjå 1. Mos. 34. kapittel.1. Mos. 34
Kjende namneberarar Dinah Craik (1826-1887), engelsk diktar Dina Aschehoug (1861-1956), norsk kunstmålar Dinah Shore (1916-1994), amerikansk songar og fjernsynsfjes Dinah Washington (1924–1963), amerikansk bluessongar Dinah Manoff (f. 1958), USA-amerikansk skodespelar Dina Meyer (f. 1968), USA-amerikansk skodespelar Caroline Dina L. Kongerud (f. 1985), kjend som teknoartisten Dina.
Oppdikta figurar Dina er namnet på hovudpersonen i romanen Dinas bok av Herbjørg Wassmo.
Kjelder
Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
FolketeljIngar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav