mini|Bakka kyrkje på Bakka ved Nærøyfjorden Nærøy er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti og femner Nærøydalen, Nærøyfjorden og den delen av vestsida av Aurlandsfjorden nordom Nærøyfjorden som høyrer til Aurland. Soknekyrkja ligg på Bakka og heiter Bakka kyrkje. Ho stod ferdigbygd i 1859. I 1855 vart Nærøy sokn skild ut frå Undredal sokn.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Grunnen til dette var at mesteparten av soknelemene budde ved Nærøyfjorden og Nærøydalen og den lange og til dels uframkomlege kyrkjevegen folk hadde vinterstid, men òg at den ørvesle Undredal stavkyrkje ikkje kunne romme så stor del av folket i soknet som lova kravde. Bakka vart vald som kyrkjestad fordi grenda ligg midt i soknet.Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: «Bakka kyrkje»

Nærøy er òg ein grunnkrins i Aurland kommune. Ved folketeljinga i 2001 budde det 122 personar i Nærøy grunnkrins.SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1421 Aurland»

Kjelder SSB: Kart som viser tettstader og grunnkrinsar i Aurland kommune

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Nærøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Aurland kommune Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti