Ståle og Stål er mannsnamn, av norrønt Stáli, av 'stål, herda jern'.
Ståle har i Noreg namnedag 5. desember.
Bruken av namnet i Noreg Namnet var opphavleg eit tilnamn. Bruken av namnet fekk eit oppsving i etterkrigsåra, med ein topp like etter 1960.
I folketeljinga frå 1801 var det vel 150 som hadde het Staal eller Staale, dei aller fleste i noverande Vest-Agder og Rogaland. I 1900 var det 85 personar som var listeførte med namneformene Staal, Staale eller Staale, då flest i Vest-Agder. I 2008 var det om lag 50 som heitte Staal eller Stål , om lag 3900 som heitte Staale” eller Ståle.
Kjende namneberarar Ståle Kyllingstad (1903-1987), norsk bilethoggar Ståle Dyrvik (f. 1943), norsk historikar Ståle Kleiberg (f. 1958), norsk toneskapar Ståle Solbakken (f. 1968), norsk fotballspelar og -trenar Ståle Stensaas (f. 1971), norsk fotballspelar
Oppdikta personar Ståle Krapyl, driv musikkforretning i songtekst av Øystein Sunde
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav