Litomyšl er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Svitavy okres i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia. Litomyšl ligg aust i Böhmen og tok form på 1200-talet der det tidlegare hadde vore ein festningsbusetnad langs Trstěnice-vegen – ei viktig handelsrute mellom Böhmen og Mähren.

Litomyšl er kanskje mest kjend for det monumentale renessanseslottet oppført i åra 1568-1581. Bygningane på slottsområdet er eksepsjonelle på grunn av deira arkitektoniske prakt. Samstundes var dei òg fødestaden til den tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana. På den utstrekte plassen, ein av dei lengste i Tsjekkia, finst eit rådhus oppført i gotisk arkitektur og ei rekkje hus i renessanse- og barokk stil. Mange av desse har vakre arkadar og kvelva rom på gateplan. Eitt av dei viktigaste husa er U Rytířů med sine flotte fasadar.

Historisk har byen òg vore kjend som eit viktig religiøst senter. Det var i Litomyšl i 1344 at det andre bispedømet i Böhmen vart oppretta, sjølv om dette enda i løpet av hussitarkrigane. På 1800-talet spelte Litomyšl grammatikkskule ei viktig rolle.

Dei kulturelle tradisjonane i byen strekkjer seg langt utover dei regionale og nasjonale grensene. Det praktfulle interiøret i slottet, særleg det barokke slottsteateret, amfiteateret i slottsparken og huset til Smetana tilbyr alle varierte konsertprogram og teateroppføringar. I 1994 møtte dei sju sentraleuropeiske presidentane kvarandre i slottet. Slottet vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1999.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Litomyšl er ein slik by med utvida fullmakter.

Kommunar Det administrative området til Litomyšl omfattar 35 kommunar. Av desse er ein by (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Litomyšl SO 26 219 26 454 26 268

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Litomyšl 10 027 1 860 1 717 1 010 967

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Litomyšl 7 173 1 747 1 130 1 070

Bydelar i Litomyšl Bydelane og tettstadene i Litomyšl: Bydel/tettstad Folketal 2021 Litomyšl-Město 6 026 Zahájí 1 147 Litomyšl by 7 173 137 441 526 99 130 290 101 1 130 Litomyšl kommune 10 027

Kjende personar med tilknyting til Litomyšl Litomyšl er fødebyen til komponisten Bedřich Smetana (1824-1884), kritikaren og litteraturhistorikaren Arne Novák og litteraturkritikaren Hubert Gordon Schauer. Magdalena Dobromila Rettigova - forfattar av den første tsjekkiskspråklege kokeboka - budde her frå 1834 til ho døydde i 1845.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Litomyšl» frå , den 17. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Turistinformasjon

Litomysl Litomysl Litomysl Kategori:Verdsarv i Tsjekkia