Izjevsk er hovudstaden i republikken Udmurtia i Russland. Han ligg ved elva Izj vest i Uralfjella.

Byen var tidlegare ein ingeniørby og vart grunnlagd som ein stad der det vart gjort alle slags former for metallarbeid, hovudsakleg produksjon av maskineri og våpen. Izjevsk er ein av dei mest kjende våpenbyane i Russland, og det var her Mikhail Kalasjnikov utvikla det kjende geværet AK-47. Kalasjnikov bur framleis i Izjevsk. Det finst òg ein bil- og motorsykkelfabrikk i byen som har merket IZJ (ИЖ).

Under sovjettida var Izjevsk ein lukka by som var stengd for utlendingar på grunn av dei mange militære fabrikkane som låg her.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Izhevsk» frå , den 14. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1760 Kategori:Lukka byar