Per Pavels Aabel () var ein norsk skodespelar, teiknar, dansar, koreograf og instruktør.

Liv og arbeid Per Aabel var son av skodespelaren Hauk Aabel, og fekk utdanning innan teikning i Paris og ballett i London. Hans første kunstneriske oppdrag var å illustrere ei barnebok, men han ofra raskt teiknekarrieren til fordel for dansen. Som ballettdansar debuterte han i 1921 på Mayol i balletten Carneval. Etter å ha vore danselærar i Oslo i fleire år, fekk han i 1926 sitt første instruktøroppdrag ved Nationaltheatret. Først i 1931 debuterte han som skodespelar på Det Nye Teater.

Aabel var direktør for Carl Johan-Teatret i perioden 1933 til 1938. Saman med mellom andre Thorolf Reiss og Wenche Foss stod han bak ei rekkje førestillingar i den lystigaste og mest groteske sjangeren. Aabel og Foss utvikla ein timing og eit samspel som skulle verte vidareført i andre samanhengar i tiår framover. Han var tilsett ved Centralteatret frå 1938 til 1940 og ved Nationaltheatret frå 1940 til 1972. Som pensjonist arbeida han frilans, og gjesta Nationaltheatret jamleg. Han deltok under 100-årsjubileumet til teateret i 1999, berre veker før han døydde. Aabel var då 97 år gamal.

Som teatermann med brei fagbakgrunn vart Per Aabel ein sentral kulturpersonlegdom innan norsk scenekunst og underhaldning i størstedelen av førre hundreår. Han spelte ei rekke roller, særleg i komediar, på teater og i film, mellom anna i fleire Holberg-stykke og som populær opplesar av H. C. Andersen sine eventyr.

thumb|Grava til Per Aabel og faren Hauk på Vestre gravlund i Oslo Prisar og utmerkingar

Per Aabel vann Peer Gynt-prisen i 1972. Per Aabel fekk statens æreslønn frå 1973. Han vann Spellemannprisen 1975 i open klasse. Han mottok Storkors av St. Olavs Orden i 1988. I 1988 vann han Amandaprisen sin heiderspris. Ein statue av han, utført av Nina Sundbye, vart avduka utanfor Nathionaltheatret i 1999. Han vart gravlagd på statens kostnad.

Litteratur Alene på scenen : Per Aabel og tekstene hans. Ole Lillo-Stenberg (red.). Andresen & Butenschøn, 2001. ISBN 82-7694-071-4 Hansen, Jan Erik. Kjære Per Aabel. Cappelen, 1993. ISBN 82-02-13805-1 Lunde, Reidar. Per Aabel. Nasjonalforlaget, 1943. (I serien Små filmbiografier) Aabel, Per. Den stundesløse Per Aabel. Gyldendal, 1980 ISBN 82-05-12409-4 Aabel, Per. Du verden. Oslo: Prent, 1950 Munthe, Margrethe. Askepot og den nysgjerrige kone : Barnekomedier. Illustrert av Per Aabel. Steenske forlag, 1917

Bakgrunnsstoff nb.no Om Nasjonalbiblioteket si Per Aabel-samling Nathionaltheatret sitt rollearkiv

Kategori:Skodespelarar ved Nationaltheatret Kategori:Norske dansarar Kategori:St. Hallvard-medaljen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Skodespelarar frå Oslo Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet