mini|Vladimir Mesjtsjera
Mesjtsjoralåglandet (russisk Мещёрская низменность, Mesjtsjorskaja nizmennost) er eit stort lågland i den europeiske delen av Russland. Det er kalla opp etter det finsk-ugriske folket mesjtsjra som tidlegare levde her. Området dekkejr delar av Moskva oblast, Vladimir oblast og Rjazan oblast.
Geografi Mesjtsjora er ei slette som er om lag forma som ein trekant og som grensar til elvane Oka i sør, Moskvaelva i sørvest, Kljazma frå nord og Sudogda og Kolp i aust. Høgda på sletta varierer mellom 80 og 130 meter.
Ho består av blandingsskog, furuskog i sandete område, med mange våtmarksområde og innsjøar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Meshchera Lowlands» frå , den 4. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vladimir oblast Kategori:Moskva oblast Kategori:Rjazan oblast Kategori:Sletter i Russland