Russland dekkjer det meste av dei nordlege områda av superkontinentet Eurasia. Sidan Russland dekkjer så store område er det både einsformig og mangfaldig. Både topografien, klimaet, vegetasjonen og jordsmonnet spenner over enorme avstandar. Frå nord til sør er Den austeuropeiske sletta kledd med tundra lengst nord, så barskog (taiga), så blandings- og lauvskog, sletter (steppe) og halvørken (ved Kaspihavet) ettersom vegetasjonen endrar seg med klimaet. Sibir viser ei liknande inndeling. Landet inneheld 44 biosfærereservat definert av UNESCO.
Plassering og grenser Russland ligg på nordlege og mildare breiddegrader på den nordlege halvkula og er mykje nærare Nordpolen enn ekvator. Landet er enormt stort, t.d. nesten to gonger så stort som USA og meir enn 50 gonger så stort som Noreg, og dekkjer eit areal på 17,1 millionar kvadratkilometer. Det er ein åttandedel av dei busette landområda på jorda. Den europeiske delen, som dekkjer ein stor del av Europa, inneheld det meste av industri og jordbruk i Russland. Det var her, om lag midt mellom elva Dnepr og Uralfjella at Det russiske riket tok form.
Frå vest til aust strekkjer landet seg frå Kaliningrad (eksklaven som sidan 1991 har vore fråskild resten av landet av Litauen) til øya Ratmanov (ei av Diomedesøyane) i Beringsundet. Dette er om lag same avstand som frå Noreg og vestover til Alaska. Frå nord til sør strekkjer landet seg frå dei nordlegaste arktiske øyane i Frans Josefs land til sørenden av republikken Dagestan ved Kaspihavet, ein avstand på 4500 km med særs variert, og ofte ugjestmildt, terreng.
Russland har ein omkrins på 57 792 km og har den lengste landegrensa i verda, noko som var medverkande til stor uro for den nasjonale tryggleiken under Sovjetunionen. Langs den 19 917 km lange grensa ligg fjorten land. Åtte av desse eksiserte ikkje før tidleg i 1990-åra då Sovjetunionen braut saman. Desse «nye» nabolanda er Kasakhstan i Asia, og Estland, Latvia, Litauen, Kviterussland, Ukraina, Georgia (Abkhasia, Sør-Ossetia) og Aserbajdsjan i Europa. Dei andre grenselanda er Nord-Korea, Kina, Mongolia, Polen, Noreg og Finland. Lengst nordaust går det berre 86 km lange Beringsundet mellom Russland og USA.
Om lag 2/3 av Russland grensar til vatn. Så godt som heile nordkysten ligg godt nord for polarsirkelen. Det meste av kysten er låst i isen store delar av året, bortsett frå området rundt hamnebyen Murmansk der effekten av Golfstraumen framleis gjer seg gjeldande. Tretten randhav og delar av verdshava Nordishavet, Atlanterhavet og Stillehavet krinsar landet.
Administrativ inndeling Dei fleste av dei administrative områda frå Sovjetunionen, bortsett frå eit par unntak, vart ståande uendra i Russland. I 2006 var det 88 administrative område kalla føderasjonssubjekt. Av desse er 21 republikkar, sju er krajar (territorium), 48 er oblastar (provinsar), eit autonomt oblast og ni autonome okrugar. Byane Moskva og St. Petersburg har òg føderal status.
Republikkane inkluderer mange forskjellige folkeslag, inkludert nordeuropearar, tatarar, kaukasusfolk og innfødde sibirfolk. Dei største føderasjonssubjekta ligg i Sibir. Aust i sentrale område av Sibir ligg Sakha (Jakutsk) som er det største føderasjonssubjektet i landet og den største nasjonale underinndelinga i verda. Det nest største er Krasnojarsk kraj som ligg sørvest for Sakha i Sibir. Kaliningrad oblast er det minste oblastet og den einaste eksklaven til Russland. Dei to mest folkerike subjekta, Moskva oblast (med byen Moskva) og Krasnodar kraj, ligg begge i den europeiske delen av Russland.
Topografi og drenasje mini|Togorafisk kart over Russland Geografar har tradisjonelt delt inn dei enorme områda i Russland i fem naturlege soner: tundrasona, taiga- eller skogssona, steppe- eller slettesona, den halvtørre sona og fjellsona. Det meste av Russland består av to sletter (Den austeuropeiske sletta og Den vestsibirske sletta), to lågland (det nordsibirske låglandet og Kolymalåglandet lengst nordaust i Sibir), to platå (Det sentralsibirske platået og Lenaplatået i aust) og ei rekkje fjellområde som hovudsakleg ligg lengst nordaust eller langs grensa i sør.
Økoregionar mini|Uralområdet med overgang mellom temperert skog, taiga, steppe og halvørken.
mini|450px
Den austeuropeiske sletta Den austeuropeiske sletta utgjer det meste av Europeisk Russland. Den vestsibirske sletta, som er den største i verda, strekkjer seg austover frå Uralfjella til elva Jenisej. Sidan terrenget og vegetasjonen er relativt einsarta i kvar av dei naturlege sonene er Russland tilsynelatande eit einsformig land. Likevel inneheld dei russiske landområda alle dei store vegetasjonssonene i verda bortsett frå tropisk regnskog.
Tundra mini|Kart over arktisk tundra mini|right|250px|Kart over det russiske Arktis.
Det russiske Arktis strekkjer seg nesten 7000 km frå vest til aust, frå Karelia og Kolahalvøya til Nenetsia, Obbukta, Tajmyrhalvøya og Tsjuktsjarhalvøya (Kolyma, Anadyr, Kapp Dezjnjov). Av dei russiske øyane og øygruppene i Nordishavet finn ein Novaja Zemlja, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane.
Om lag 11 % av Russland er tundra, ei trelaus, myrlendt slette. Tundraen er den nordlegaste sona i Russland, og strekkjer seg frå finskegrensa i vest til Beringsundet i aust, og går så sørover langs stillehavskysten til nordlege område av Kamtsjatkahalvøya. Sona er mest kjend for dei store reinsdyrflokkane, for midnattssol og mørketid og det harde klimaet. Dei lange, harde vintrane og mangelen på sollys gjer at berre mose, lav, musøyre og små buskar klarar å gro i den ufruktbare permafrosten. Frostforvitring er den viktigaste fysiske prosessen her som gradvis formar landskapet som vart kraftig endra av isbreane under den siste istida. Mindre enn 1 % av innbyggjarane i Russland bur i denne sona. Fiske- og hamneindustrien nordvest på Kolahalvøya og dei store olje- og gassfelta nordvest i Sibir er dei største næringane i tundraen. Med 180 000 innbyggjarar er Norilsk den nest største byen nord for polarsirkelen i Russland etter Murmansk.
Taiga
mini|Taiga dekkjer dei høge breiddegradene mellom tundraen og steppene. Taigaen er det største skogsområdet i verda og består hovudsakleg av bartre som gran, edelgran, furu og lerketre. Dette er den største natursona i Russland, eit område om lag like stort som heile USA. I den nordaustlege delen i dette beltet finst dei kaldaste busette områda i verda. Taigasona strekkjer seg i eit breitt belte langs midlare breiddegrader frå grensa til Finland i vest til Verkhojanskfjella i det nordaustlege Sibir og heilt sør til sørkysten av Bajkalsjøen. Isolerte område med taiga eksisterer òg langs fjellkjedene som dei sørlege områda av Uralfjella og i Amurdalen ved grensa til Kina. Om lag 33 % av innbyggjarane i Russland bur i denne sona, som i lag med eit belte av blandingsskog i sør inkluderer det meste av den europeiske delen av Russland og dei gamle landområda til dei første slavarane.
Blandings- og lauvskog Blandings- og lauvskogsona er eit trekanta område som er breiast i vest og vert smalare og smalare mot Uralfjella. Dei mest talrike tresortane er eik og gran, men mange andre vokster finst òg som ask, osp, bjørk, agnbøk, lønn og furu. Mellom taigaen og den skogkledde steppa er eit smalt belte med bjørk og osp aust for Uralfjella heilt til Altajfjella. Mykje av skogssona her er hogd ned for at området kan nyttast til jordbruk, særleg i den europeiske delen. Som følgje av dette har dyrelivet vorte tynt, men framleis er rådyr, ulv, rev og ekorn vanlege.
Steppe
Steppa har lenge vorte rekna som eit typisk russisk landskap. Det er eit breitt band av trelause, graskledde sletter avbroten av fjellkjeder som strekkjer seg frå Ungarn gjennom Ukraina, Sør-Russland og Kasakhstan til Mandsjuria. Det meste av steppesona i Sovjetunionen låg i Ukraina og Kasakhstan og den mykje mindre russiske steppa ligg hovudsakleg mellom desse to nasjonane, sørover til Svartehavet og Kaspihavet før dei glir over i den gradvis tørrare republikken Kalmykia. I eit land av ekstremar gjev steppesona dei mest gunstige tilhøva for menneskelege busetnader og jordbruk på grunn av dei moderate temperaturane og tilstrekkelege mengder solskin og fukt. Sjølv her vert derimot jordbruket stundom råka av uføreseielege nedbørsmønster og stundom katastrofale tørkeperiodar.
Topografi mini|Panroama frå Ujmonsteppa i Altaj.
Dei fleste fjellkjedene i Russland ligg hovudsakleg langs kontinentalskilje (Uralfjella), langs den sørvestlege grensa (Kaukasus), langs grensa til Mongolia (dei austlege og vestlege Sajanfjella og den vestlegaste delen av Altajfjella) og i Aust-Sibir (fjellkjedene på Kamtsjatkahalvøya og mindre fjell som strekkjer seg langs Okhotskhavet og Japanhavet). Russland har ni store fjellkjeder. Generelt er den austlege delen av landet meir fjellendt enn den vestlege halvdelen, medan dei indre områda er dominert av låge sletter. Den tradisjonelle delelinja mellom aust og vest er Jenisejdalen. Jenisej renn mellom Det sentralsibirske platået i aust og Den vestsibirske sletta frå områda nær grensa til Mongolia og nordover til Nordishavet vest for Tajmyrhalvøya.
Uralfjella mini|Skog og fjell i Uralfjella. Uralfjella er den mest kjende av fjellkjedene i landet fordi dei dannar ei naturleg grense mellom Europa og Asia. Fjellkjeda strekkjer seg 2100 km frå Nordishavet til dei nordlege områda av Kaskhastan. Uralfjella er derimot ikkje særleg høge og dannar ikkje ein stor naturleg barriere. Fleire låge fjellovergangar gjer at dei fleste store transportårene austover frå Europa går gjennom fjella. Den høgaste toppen, Narodnaja, er berre 1894 meter over havet. Uralfjella inneheld derimot mange verdifulle mineral.
Den vestsibirske sletta mini|Ozjogino-sjoen i Sakha.
Aust for Uralfjella ligg Den vestsibirske sletta, som dekkjer eit område på meir enn 2,5 millionar kvadratkilometer, og strekkjer seg om lag 1900 km frå vest til aust og om lag 2400 km frå nord til sør. Meir enn halvparten av området ligg under 500 meter over havet og sletta inneheld nokre av dei største myrområda og elveslettene i verda. Dei fleste innbyggjarane på sletta bur i den tørrare delen sør for 55 ºN.
Det sentralsibirske platået Regionen like aust for Den vestsibirske sletta er Det sentralsibirske platået, som strekkjer seg austover frå Jenisejdalen til Lenadalen. Regionen er delt inn i fleire platå med høgder mellom 320 og 740 meter over havet. Det høgaste punktet er om lag 1800 meter over havet nord i Putoranfjella. Sletta grenser i sør til Bajkalfjella og i nord til Det nordsibirske låglandet, ei fortsetjing av Den vestsibirske sletta som strekkjer seg inn på Tajmyrhalvøya i Nordishavet.
Sajan- og Stanovojfjella I fjellsystemet vest for Bajkalsjøen sør i sentrale område av Sibir er dei høgaste områda på 3300 meter i dei vestlege Sajanfjella, 3200 meter over havet i dei austlege Sajanfjella og 4500 meter over havet ved Belukha i Altajfjella. Dei austlege Sajanfjella strekkjer seg nesten til sørsida av Bajkalsjøen. Ved innsjøen er det ein høgdeskilnad på meir enn 4500 meter frå det næraste fjellet på 2480 meter over havet til den djupaste delen av innsjøen, som er 1700 meter under vassflata. Fjellsystemet aust for Bajkalsjøen er lågare og dannar eit system med mange mindre fjellkjeder og dalar som går frå innsjøen til stillehavskysten. Dei høgaste fjella i Stanovojfjella, som går frå vest til aust frå nordsida av Bajkalsjøen til Okhotskhavet, er 2550 meter over havet. Sør for denne fjellkjeda ligg dei søraustlege områda av Sibir, med fjell på opp til 800 meter. På andre sida av Tatarsundet ligg øya Sakhalin med høgder opp til 1700 meter over havet.
Kaukasus mini|Elbrus og kringliggjande fjell.