Søren Pedersen Jaabæk () var ein norsk bonde, lærar og politikar fødd i Holmesland i Holum. Han sat på Stortinget samanhengande frå 1845 til 1891, 16 valperiodar. Saman med Johan Sverdrup la han grunnlaget for tuftinga av partiet Venstre.
I 1865 skipa han organisasjonen Bondevenane («Selskabet Bondevennerne») etter inspirasjon frå Danmark. Bondevenane breidde seg utover heile landet og vart ein stor maktfaktor i den korte stunda organisasjonen fanst. Den la òg grunnlaget for mange tenester vi har rekna som naturlege i lang tid, som t.d. samvirketenestene og sparebankane. Jaabæk stilte seg og heile rørsla si under leiarskapen til Sverdrup i 1870– og 1880-åra. Gjennom denne samanslutninga kan ein seie at Venstre vart eit parti i 1884.
Etter oppveksten budde han på Jaabækk i Halse, men flytta til Holmesland i Holum då faren døydde i 1849, og tok over garden. Jaabæk var ordførar i Halse og Harkmark og i Holum i fleire periodar mellom 1845 og 1890.
På Stortinget fekk Jaabæk kallenamnet «Neibæk» på grunn av den sterke motviljen han hadde mot alt som kunne føre til auka offentlege kostnader. Han kjempa innbitt mot alt som smakte av luksus og sentraldirigert embetsmannsvesen.
Bakgrunnsstoff Artikkel om Jaabæk fra statsarkivet i Kristiansand Liberaleren fra Lista - Ideer om frihet
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Bonderørsla Kategori:Ordførarar i Halse og Harkmark Kategori:Ordførarar i Holum Kategori:Folk frå Mandal