Jacob Aall () var ein norsk godseigar, politikar, historikar og statsøkonom.
Liv og virke Aall var son av Nicolai Benjamin Aall (1739–1798], som var kjøpmann i Porsgrunn og eigar av Ulefoss. Han vart student på Nyborg skule i Danmark i 1791, og tok teologisk embetseksamen i 1795. Etter heimkomsten til Noreg prøvde han seg som geistleg talar i Slemdal kyrkje, men han fekk slik mistillit til sine evner at han slo inn på andre studiar. I 1796 reiste han tilbake til København, der han byrja naturvitskaplege studiar. Desse vart halde fram i Tyskland 1797–1799. Under reisa bestemte han seg for å bli praktisk bergmann, og utdanna seg derfor hovudsakleg i Freiberg og ved undersøking av saksiske og schlesiske gruver.
mini|venstre|Hovudbygninga på Næs jernverk der Aall budde. mini|venstre|Næs jernverk. Frå Norge fremstillet i Tegninger av Christian Tønsberg, 1848. mini|Minnebauta på kyrkjegarden ved Holt kyrkje over Jacob Aall og Thor Reiersen Lilleholt.
I 1799 vende han tilbake til Noreg, der faren nettopp var død, og kjøpte Nes jernverk i Holt for 170 000 riksdalar. Same år gifta han seg med Lovise Andrea Stephansen (1779–1825). Han let ein meir rasjonell drift innføre ved jernverket, men kom i ein vanskeleg stilling då det braut ut krig i 1807. Han gjorde mykje for å halde si eiga verksemd gåande, men hjelpte òg i stor grad å halde hungersnauda borte frå innbyggjarane i store område rundt.
Verksemda hans gjorde han kjend med grev Herman Wedel Jarlsberg. I august 1809 vart han innvigd av greven i planane om å lausrive Noreg frå Danmark og gå inn i ei ny foreining med Sverige, men han nekta å følgje greven i dette. På riksforsamlinga 1814 møtte han som representant for Nedenes amt, og slutta seg til Wedels parti, sjølv om han var sterkt knytt til Danmark av både personlege og økonomiske årsaker.
Om hausten 1814 skal han ha fått tilbod om å tre inn i den nye regjeringa, men avslo. Derimot møtte han som representant for Nedenes amt på alle Storting til og med 1830 (med unntak av det i 1824), men då han vart vald i 1839, måtte han avslå med omsyn til helsa. Som stortingsmann gjorde han seg særleg gjeldande i praktiske spørsmål. I alle økonomiske spørsmål rådet han til forsiktig og langsam framgang utan å slite for mykje på kreftene til landet. Han hadde ein vesentleg del i den nye bergverkslovgjevnaden, og via sølvverket på Kongsberg stor interesse.
Frå 1832 til 1836 var Aall redaktør for tidsskriftet Nutid og Fortid.
Som forfattar og mesén viste han ein viktig og fleirsidig verksemd. Han omsette og gav sjølv ut Kongesagaen til Snorre Sturlason (1838–1839), og hovudverket hans er Erindringer som Bidrag til Norges Historie 1800-15 (1844–1845). Han handsama dessutan økonomiske spørsmål i mindre arbeid.
I sine siste leveår vart Aall stadig sjukare. Dette førte til at han trekte seg tilbake frå det offentlege livet og overlet det meste av arbeidet med styringa av jernverket til sonen sin. Derimot var han helt til det siste sysselsett med sine litterære arbeid.
Han har lånt namnet sitt til Jacob Aalls gate på Majorstua i Oslo.
Utmerkingar og medlemskap Aall var innehavar av medaljen for borgardåd, Dannebrogordenen, Vasaordenen og Nordstjerneordenen. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Det Kongelege Danske Videnskabernes Selskab.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacob Aall» frå , den 1. november 2008 revisjon 4573082 oppgav desse kjeldene: Dansk biografisk Lexikon
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske godseigarar Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Holt Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Vasaordenen Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Porsgrunn