Høgre (H) er eit liberalkonservativt politisk parti i Noreg. Høgre er den nest eldste partiorganisasjonen i landet, og blei skipa den 25. august 1884 som De Conservative Foreningers Centralstyre. Partiet set folkestyret, eigedomsretten, og den personlege fridomen høgt. Partiet identifiserer seg sjølv som eit borgarleg parti.
Leiaren i Høgre er Erna Solberg (2004-). Partiet har to nestleiarar; Bent Høie og Jan Tore Sanner.
I perioden 2013–2017 har Høgre 48 representantar på Stortinget. Trond Helleland og Nikolai Astrup er høvesvis parlamentarisk leiar og nestleiar. Høgre er det nest største partiet på Stortinget, etter Arbeiderpartiet. Etter stortingsvalet i 2013 danna partileiar Erna Solberg ei regjering saman med Framstegspartiet.
Partiet har tre sideorganisasjonar: Unge Høgres Landsforbund, Høgres Studenterhttps://ungehoyre.no/hoyres-studenter/ og Senior Høyres Landsforbund.https://hoyre.no/senior/
Historie De Conservative Foreningers Centralstyre vart skipa den 25. august 1884, etter innføringa av parlamentarismen i Noreg. Emil Stang vart vald til fyrste formann i partiet. I 1913 endra det namn til Høgre (Høire).
Oppsluttinga om Høgre har variert mykje. Størst del av røystene hadde Høgre i 1894 då 49,4 % røysta på Høgre. Høgre har aldri hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre gjekk attende i mellomkrigstida, mellom anna av di nye parti kom til. Frå 1945 til 1970 auka oppslutninga om partiet, og skaut fart etter valet i 1973. Valet i 1981, der Høgre fekk 31,7 % oppslutnad var det beste valet sidan 1924. Kåre Willoch stod i spissen for Høgrebølgja i norsk politikk. Ved valet i 1997 fekk Høgre 14,3 % av røystene, det dårlegaste valresultatet til då etter 1945. Partiet gjorde eit godt val i 2001, og kom i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingsvalet i 2005 vart eit nytt dårleg val for Høgre, som vart passert av Framstegspartiet og dermed vart berre tredje størst på Stortinget.
Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,8 % av røystene.
Valhistorikk Stortingsvalresultat 1973–2017
Årstal Prosent av røystene Mandat 1900 40,8% 1903 44,8% 1906 32,7% 1909 41,4% 1912 33,0% 1915 28,7% 1918 30,4% 1921 33,4% 1924 32,5% 1927 24,0% 1930 27,4% 1933 20,2% 1936 21,3% 1945 17,0% 1949 17,9%¹ 1953 18,8%¹ 1957 18,9%¹ 1961 20,0%¹ 1965 21,1%¹ 1969 19,6%¹ 1973 17,4%¹ 1977 24,8%¹ 1981 31,7% 1985 30,4% 1989 22,2% 1993 17,0% 1997 14,3% 2001 21,2% 2005 14,1% 2009 17,2% 2013 26,8% 2017 25,0% 2021 20,4% Kommunestyreval 1928–2019Statistisk sentralbyrå: kommunestyrevalgresultaterValgresultat.no: Kommunestyrevalg 2015 Årstal Prosent av røystene 1928 14,2 % 1931 16,3 % 1934 12,1 % 1937 14,3 % 1945 9,7 % 1947 13,9 % 1951 15,2 % 1955 16,7 % 1959 18,6 % 1963 19,8 % 1967 19,3 % 1971 17,9 % 1975 21,8 % 1979 29,2 % 1983 25,9 % 1987 23,3 % 1991 21,5 % 1995 20,2 % 1999 21,4 % 2003 18,1 % 2007 19,3 % 2011 28,0 % 2015 23,2 % 2019 20,1 % Fylkestingsval 1975–2019Statistisk sentralbyrå: fylkestingsvalgresultaterValgresultat.no: Fylkestingsvalg 2015
Årstal Prosent av røystene 1975 22,6 % 1979 29,9 % 1983 26,4 % 1987 23,7 % 1991 21,9 % 1995 19,9 % 1999 21,3 % 2003 17,8 % 2007 18,8 % 2011 27,6 % 2015 23,4 % 2019 20,3 %
¹ Ved desse vala stilte Høgre felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Venstre eller Bondepartiet, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Høgre sin nettstad Valresultat for Høgre i kommune- og fylkestingsvalet 2013 (NRK)
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Høgreparti Kategori:Liberalkonservative parti Kategori:Politiske parti skipa i 1884 Kategori:1884 i Noreg