Kola (russisk Кола) er ei elv på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 83 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 40 m³/s. men med store variasjonar mellom årstidene.
Elva renn ut frå innsjøen Kolozero og frå her nordover og ut i Kolabukta ved Barentshavet, rundt 10 km sør for Murmansk, der naboelva Tuloma òg munnar ut ein kilometer lenger vest. Dei største sideelvane hennar er Kitsa og Orlovka frå høgre, og Tukhta og Medvezja frå venstre.
Byer og busetnader langs elva er Kola, Molotsjnyj, Vykhodnoj, Sjonguj, Magnetity, Kildinstroj, Loparskaja, Kitsa, Tajbola og Pulozero.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kola (elv)» frå , den 30. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Murmansk oblast