Neologisme (av gresk νέος, (neos), «ny» og λόγος (logos), «ord», «tale») eller nyord er eit nytt ord i språket. Slike ord blir typisk danna av språkbrukarar for å dekka behov for ord som ikkje finst frå før i språket deira. Ved nokre høve kan fagmiljø gå aktivt inn for å finna passande ny terminologi for sitt språk. Nokre neologismar seier noko om tekniske framsteg, som til dømes ord for nye produkt og oppfinningar, medan andre seier noko om samfunnsendringar, som til dømes ord for nye produkt, idear eller handlingar. Mange av desse orda blir berre brukte ei kort tid, men nokre av dei blir del av etablert språkbruk og blir etter kvart tekne inn i ordbøkene.

Nyord kan vera lånte inn direkte frå andre språk, som framandord, eller dannast frå andre ord i opphavsspråket. På norsk er det vanleg å danna nye ord gjennom samansetjingar, typisk av to substantiv. Nokre ord er lånte frå eit anna språk, men omsette ledd for ledd.

Døme på nyord

1970-talet: meme (på engelsk) 1980-talet: kartongvin 1990-talet: blog(g), høgdehus, 2000-talet: podcast/podkasting blogg, nettpirat 2010-talet: oskefast, naving, sakte-tv, framandkrigar kvardagsintegrering

Sjå òg Framandord Låneord

Kjelder

Bakgrunnsstoff Norsk Aviskorpus i Bergen: Nye ord i norske nettaviser siste døgn Norsk Aviskorpus i Bergen: Arkiv over nyord fra norske nettaviser Det norske akademis store ordbok: Nyord

Kategori:Lingvistikk Kategori:Ord Kategori:Greske ord og uttrykk