Egil Aarvik () var ein norsk KrF-politikar og statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i regjeringa Borten frå 1965 til 1971. I tida si som sosialminister la han mellom anna fram lovproposisjonen som innførte folketrygda (Ot.prp. nr. 17, 1965–66).
Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1961 og var stortingsrepresentant i 4 valperiodar, til 1977. Han var vararepresentant i perioden 1958–1961.
Aarvik var medlem i Nobelkomiteen 1974–1990, varaformann 1976–1981 og formann frå 1982 fram til han døydde sommaren 1990.
Han var redaktør av Folkets Framtid i 1948–1965 og Dagsavisa, Trondheim i 1950–1955. Han var formann i landsstyret i Det Blå Kors i Noreg i 1960–1962.
Regjering 12. oktober 1965 – 17. mars 1971: Statsråd og sjef for Sosialdepartementet
Stortinget 1961–1965: Formann i Sosialkomitéen 1961–1965: Varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1969–1973: Medlem i Finanskomitéen 1969–1973: President i Lagtinget 1973–1977: Medlem i Finanskomitéen 1973–1977: Varamedlem i Valkomitéen 1973–1977: Visepresident i Lagtinget
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Egil Aarvik» frå , den 21. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Norske sosialministrar Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Leiarar av Den Norske Nobelkomite Kategori:Folk frå Skaun Kategori:Folk frå Nøtterøy