Tikhaja Sosna (russisk Тихая Сосна) er ei elv i Belgorod og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå høgre. Ho er 161 km lang og har eit nedslagsfelt på 4350 km².
Elva spring ut frå dei søraustlege områda av Det sentralrussiske høglandet i nærleiken av landsbyen Pokrovka i Volokonovskogo rajon i Belgorod oblast. Vårflaumen oppstår i mars og april. Middelvassføringa 87 km frå munningen er 5,9 m³/s.
Elva renn gjennom eit jordbruksområde, men somme stader er det likevel eikeskog og frukttre. I nedre delar av elva renn ho over steppelandskap.
Av byar langs elva finn ein Birjutsj, Aleksejevka og Ostrogozjsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Тихая Сосна» frå , den 20. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Belgorod oblast Kategori:Elvar i Voronezj oblast