Vindenes er ein stad i Øygarden kommune i Vestland. Staden ligg nordaust på Sotra, tre kilometer nordom Ågotnes. Vindenes reknast frå 2016 som ein del av tettstaden Ågotnes.
Tidlegare var bygda kjent over heile nordsjøbassenget for sine dyktige fiskeskipparar, den fremste av dei var Hans O. Vindenes som på slutten av 50 talet var Norges største fiskebåtreiar. I dag held Sotra gruppa til på det gamle fiskebruket, dei driv m.a. Mekanisk industri og internasjonal handel med overskotsmateriell frå oljeverksemda. I sør har industriområdene på Ågotnes breid seg over gardsgrensa og mellom anna FMC ligg på Vindenes. Heilt sør på Vindenes finn ein og den nye ungdomsskulen for Nordre Fjell og vestsida; Tranevågen Ungdomskule.
Sjå òg Tettstader i Vestland
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Hordaland»
Kategori:Geografi i Øygarden Kategori:Utgåtte tettstader Kategori:Bygder i Vestland