Tsjusovaja (russisk Чусовая) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.
Elva er 592 km lang med eit nedslagsfelt på 23 000 km². Ho munnar ut i Tsjusovojbukta i Kamareservoaret. Ho frys vanlegvis til i november og er islagd til vårløysinga i april–mai. Vårflaumen varer vanlegvis til midten av juni.
Dei viktigaste sideelvane er Mezjevaja Utka, Serebrjanka, Kojva, Usva, Revda og Lysva. Ei anna interessant sideelv er Kumysj, som renn rundt 6 km under jorda. Staden der ho forsvinn heiter Nyrok (russisk нырок, som tyder 'dukk') av dei lokale innbyggjarane, medan staden der han dukker opp att heiter Bynyrok (russisk вынырок, som tyder 'kjem til overflata').Есть многое на свете, друг Горацио
Tsjusovaja er mykje nytta til vassforsyning og forsyner mellom anna Jekaterinburg. Elvehamner ved Tsjusovaja er Perm og Tsjusovoj
Tsjusovaja er kjend for dei store klippene langs elvebreidda. Nokre av klippene var farlege for båttrafikken under vårflaumen og vart kalla Bojtsy (russisk: бойцы, som tyder «krigarar»). Mange av dei største klippene langs elva har namn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tsjusovaja» frå , den 17. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Perm Kategori:Elvar i Tsjeljabinsk oblast Kategori:Elvar i Sverdlovsk oblast Kategori:Sideelvar til Kama