Visjera (russisk Вишера) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Elva har ei lengd på 415 km og eit nedslagsfelt på .

Elva spring ut frå vestsida av dei nordlege Uralfjella. Elva startar som ei rask fjellelv og renn gjennom ein trong dal med mange stryk. Det er fleire karstformasjonar i nedslagsfeltet.

Dei største sideelvane hennar er Jazva og Kolva.

Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november, og vert isfri att mot slutten av april. Elva vert nytta som transport til byen Krasnovisjerska. I nedslagsfeltet til Visjera finst det førekomstar av diamantar.

Den øvre delen av elva renn gjennom Visjeskijreservatet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Вишера (приток Камы)» frå , den 17. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Perm Kategori:Sideelvar til Kama