Øystein Rian () i Lillehammer) er ein norsk historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Spesialområda hans er dansketida frå 1500 til 1814 med vekt på politisk, sosial og regional historie. Han har utgjeve fleire bøker og publikasjonar, er redaktør av Historisk tidsskrift og foredragshaldar i NRKs populærvitskaplege radioserie P2-akademiet.

Øystein Rian er medlem i Det norske vitenskapsakademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Han er veslebroren til den tidlegare høgrepolitikaren og Tromsøordføraren Erlend Rian.

Bibliografi Øystein Rian har mellom anna skrive desse bøkene:

1975: Jens Juels stattholderskap 1618-29 : en studie i stattholderembetets kompetanse og funksjoner 1980: Vestfolds historie: grevskapstiden 1671-1821 1995: Den nye begynnelsen : 1520-1660 - bind 5 i Ascheougs Norgeshistorie 1997: Bratsberg på 1600-tallet : stat og samfunn i symbiose og konflikt 1997: Den aristokratiske fyrstestaten : 1536-1648 - bind 2 i Danmark-Norge 1380-1814 2002: Norge i dansketiden 2002: Nasjonal identitet i dansketiden 2003: Embetsstanden i dansketida 2003: Maktens historie i dansketiden 2005: Reformasjonstiden som katastrofe i Norgeshistorien

Rian har vore bidragsytar og medforfattar i fleire antologiar og historieverk.

Bakgrunnsstoff Presentasjon ved Universitetet i Oslo

Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske redaktørar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Folk frå Lillehammer