Asenvågøy fyrstasjon er eit fyr som ligg aust på Asen, om lag 9 km nordvest for Lysøysund i Ørland kommune i Trøndelag.
Fyret stod ferdig i 1921 og vart oppretta for å sikre trafikken under sildefisket mellom Stoksund og Lysøysundet. Fyret har ei unik hamn der ein kan legge til uansett vêr.
6. oktober 1975 vart fyret avbemanna og automatisert. Stiftinga Frohavet har i dag teke over drifta av fyret og om sommaren er det i periodar omvising på fyret.
Sjå òg Fyr i Noreg
Kjelder
Kategori:Fyr i Trøndelag Kategori:Samferdsle i Ørland Kategori:Byggverk i Ørland Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1921 Kategori:1921 i Noreg