Buholmråsa fyrstasjon er eit fyr som ligg vest av Sætervik i Osen kommune i Trøndelag. Fyret er med på å markere sørenden for det opne havområdet Folda.
Fyret vart oppretta i 1916 og har ei høgd på 23,5 meter. Fyret lys 17,1 nautiske mil. Sjølve fyrtårnet er i støypejern og er måla raudt med eit kvitt belte. I 1965 vart det oppretta radiofyr med ei rekkevidde på 1,13 nautiske mil og morseteikn B.
Den opphavlege linsa er framleis i bruk. Fyrstasjonen vart utsett for flyåtak under den andre verdskrigen og har derfor bygningar frå to periodar. Området er fuglelivsfreda etter lov om naturvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Klima Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Buholmråsa fyr sidan november 1965. Stasjonen ligg 18 meter over havet og har synopnummer 01259.
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperatur (°C) 0,5 0,7 1,9 4,0 8,0 10,8 12,5 13,0 10,7 7,5 3,9 1,6 6,3 Nedbør (mm) 79 64 61 56 43 49 65 71 100 106 86 90 870
Sjå òg Fyr i Noreg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fyr i Trøndelag Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Vêrstasjonar i Noreg Kategori:Skipingar i 1917 Kategori:Kulturminne i Osen Kategori:Samferdsle i Osen Kategori:Byggverk i Osen