«I Feel Fine» er ein riff-driven rockesong, hovudsakleg skriven av John Lennon, men kreditert til Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut i 1964 av The Beatles som den åttande singelen deira i Storbritannia. Songen nådde toppen av salslista den 12. desember same året og erstatta The Rolling Stones sin «Little Red Rooster». Han låg på toppen av lista i fem veker. B-sida til singelen var «She's A Woman». Songen nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 seint i 1964. I Noreg gjekk songen inn på VG-lista i midten av desember 1964 og låg på førsteplassen i heile seks veker. Totalt låg han 11 veker inne på Topp 10.

«I Feel Fine» oppstod frå det karakteristiske gitarriffet, skrive av Lennon medan dei var i studio for å spele inn «Eight Days a Week». Under innspelinga av songen hadde The Beatles fått meir erfaring med studioinnspelingar og «I Feel Fine» er eit av dei første døma på bruk av feedback som ein effekt i ein song, som artistar som Jimi Hendrix, The Kinks og The Who seinare skulle nytte mykje.

Songen startar med ein enkel, slått tone på McCartney sin bass som varer og varer før tonen til slutt vert omforma og forvrengd av feedback. Då McCartney slo tonen i studio bøygde Lennon seg med eit uhell inn mot forsterkaren og mikrofonen på gitaren hans fanga opp lyden og feedback oppstod. Beatles var forbausa over resultatet og bad produsent George Martin få lyden med på innspelinga.

I USA vart songen gjeve ut på Capitol-albumet Beatles '65. I Storbritannia vart songen gjeve ut på plata A Collection of Beatles Oldies, Past Masters Vol 1 og Beatles 1.

Medverkande John Lennon – vokal, solo/rytmegitar Paul McCartney – harmonivokal, bass George Harrison – harmonivokal, solo/rytmegitar Ringo Starr – trommer Per Ian MacDonald

Salslister og salstrofé

The Beatles Liste (1964)PlasseringNew Zealand (Lever Hit Parades)1US Cash Box Top 1001Vest-Tyskland - Media Control3

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Feel Fine» frå , den 5. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X

Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Sweethearts of the Rodeo-songar Kategori:Songar produserte av Steve Buckingham Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Die Toten Hosen-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Floyd Cramer-songar