«Love Me Do» er ein av dei første songane til The Beatles og den første singelen dei gav ut. Han vart i hovudsak skrive av Paul McCartney i 1958–59, medan dei framleis gjekk på skulen. John Lennon skreiv mellomspelet. Songen vart gjeve ut med «P.S. I Love You» som B-side den 5. oktober 1962. Då singelen først vart gjeve ut i USA klarta han til 17. plass, men i 1964 gjekk han heilt til topps.

«Love Me Do» startar med eit blues-aktig munnspel av John Lennon, og så Lennon og McCartney på vokal. Songen var spelt inn ved fleire høve med tre forskjellige trommeslagarar. Første gong var 6. juni 1962 med Pete Best på trommer då dei hadde audition for EMI i Abbey Road Studios i London. 4. september hadde Best vorte erstatta med Ringo Starr. Ei veke seinare, 11. september, kom dei tilbake til studio, men sidan produsent George Martin var misnøgd med Starr si speling vart hans spelt inn på ny med Andy White på trommer, medan Starr spelte tamburin.

Dei første utgåvene av singelen var versjonen der Ringo Starr spelte trommer, medan Andy White-utgåva hamna på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me.

Medverkande På singelutgåva: John Lennon – munnspel, vokal Paul McCartney – bass, vokal George Harrison – elektrisk gitar Ringo Starr – trommer

På Please Please Me-utgåva: John Lennon – munnspel, vokal Paul McCartney – bass, vokal George Harrison – elektrisk gitar Ringo Starr – tamburin Andy White – trommer

Salslister og salstrofé Songen var den fjerde av sesks songar som nådde førteplassen på den amerikanske hitlista i løpet av eitt år, noko som er rekord i USA. Det var òg den fjerde av sju songar skrivne av Lennon-McCartney som gjekk til topps i 1964. Dette er òg rekord for flest topplasseringar i USA i det same kalenderåret.

Salslister

Liste (1962–64)PlasseringAustralske Kent Music Report1Canada CHUM Chart8US Cash Box Top 1001Liste (1982)Plassering

Saltrofé

Andre utgåver «Love Me Do» har mellom anna vorte spelt av Bobby Vee i 1964 på 30 Big Hits from the 60s Dick Hyman i 1964 på Keyboard Kaleidoscope The Chipmunks i 1964 på The Chipmunks sing the Beatles Hits Sandie Shaw i 1969 på Reviewing the Situation Ringo Starr i 1998 på Vertical Man David Bowie spelte «Love Me Do» på enkelte konsertar under Ziggy Stardust-turneen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Me Do» frå , den 1. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Song-by-Song om «Love Me Do» Kva munnspel spelte John Lennon på i introen på «Love Me Do»?

Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar frå 1962 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Debutsinglar frå 1962 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Tollie Records-singlar Kategori:Sandie Shaw-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:Dick Hyman-songar Kategori:David Bowie-songar