Tvistein fyrstasjon er eit fyr i Larvik kommune i Vestfold. Det står på den austre av to småholmar om lag tre kilometer sør for Hummarbakkfjorden.
Namnet tyder to steinar, som i dette tilfellet siktar til runde, «steinliknande» holmar.
Fyret vart oppført i 1908. Lyset står sytten meter over høgaste vasstand og når 9,6 nautiske mil. Fyret vart elektrifisert i 1951 og samstundes vart nytt tårn og ny fyrvaktarbygning bygd. Fyret var familiedrive fram til slutten av 1950-åra, då det vart ein turnusstasjon. I 1987 vart fyret automatisert og avfolka.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tvistein fyr» frå , den 1. oktober 2008.
Andre kjelder
Kategori:Fyr i Larvik