Ekstremvêret Edda var eit ekstremvêr som råka Nord-Helgeland og Sør-Troms 10. og 11. desember 2003, som det tredje ekstremvêret som råka denne regionen på berre ei veke. Det gav full storm i desse områda og sterk storm i Lofoten.

Fleire hurtigbåtar og ferjer vart innstilt under stormen og fleire flyavgangar vart kansellerte.. E6 over Saltfjellet vart stengd. Sju menneske vart skadd då ein rutebuss på veg til Tromsø frå Alta blåste av vegen i Lyngen.

Langs kysten av Nordland vart det observert signifikant bølgjehøgd opp mot 12 meter.

Kraftigast vind Kraftigast vind mellom 10. desember kl. 14 og 12. desember kl. 08. Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) Kråkenes fyr 30 34 Svinøy fyr 28 33 Hekkingen fyr 28 33 Finnøy i Hamarøy 27 - Nordøyan fyr 24 33 Bø i Vesterålen 26 36 Myken 24 34 Skrova fyr 24 31 Sklinna fyr 24 29 Røst 23 31 Bodø 22 27

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Kjelder

Edda Kategori:Hendingar i 2003 Kategori:2003 i Noreg