Dyna fyrstasjon er eit kjent landemerke i hamnemiljøet i Oslo og husar i dag ein restaurant. Fyret ligg mellom Bygdøy og Nakkholmen i Indre Oslofjord.
mini|venstre|Dyna fyr Historie Skjeret vart overdratt frå Staten Christiania Havnevæsen med formålet om å bygge eit fyrtårn i 1873. Fyrbygningen vart oppført i 1874. Den første tida var fyret utstyrt med eit fast kvitt lys og ei tåkeklokke. I 1928 vart fyrlyset elektrisk og klokka vart erstatta med ein nautofon. Heile fyret vart automatisert i 1956 og samstundes vart fyrvokterstillinga inndratt. Seinare vart huset overlate til Oslo Froskemannskole og dei fekk i oppdrag å vedlikehalde bygningsmassen. Sidan 1992 har fyret vore nytta til selskapslokale og restaurantdrift.
Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dyna fyr» frå , den 30. september 2008. oppgav desse kjeldene: Haugholt, Karl (red.): «De hundre år : festskrift for Selskapet til «Bygdø Vel»», 1972 Artikkel på Oslosurf.com
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fyr i Oslo Kategori:Bygdøy Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1874 Kategori:1874 i Noreg