mini|Flyktande saueflokk sett frå ein varmluftsballong. mini|Ulvar som jaktar i flokk.

Flokkdyr er dyr som har som naturleg levevis å leva saman i større grupper. Flokkdanninga er ein overlevingsstrategi som blir nytta både av rov- og byttedyr, og det finst mange døme blant fuglar, fiskar og pattedyr. Grupper av dyr kan omtalast med ulike namn, avhengig av dyretype, som flokk, bøling, hop, klynge, rei, skare, stim eller sverm.

Å leva i flokk kan gje fordelar, som til dømes at mange individ er på vakt mot farer, at ein samla kan verna seg mot andre dyr, eller at ein kan samarbeida innan flokken, slik flokkar av rovdyr som til dømes ulv og løver gjer i jakt på bytte. Flokkdyr har gjerne mange ulike måtar å kommunisera på, og ordnar seg ofte i hierarki.

Svært mange husdyr, som til dømes hest, hund, kyr, geit, sau, høns, er flokkdyr. Flokkinstinktet gjorde at dei kunne temjast i si tid, og gjer dei lette å gjeta.

Døme på flokkdyr

Blant pattedyr: Elefantar Dei fleste hundedyr, som afrikansk villhund, dhol, hund og ulv Hest Kvalar og delfinar Kvegdyr som antilope, bison, geit, sau og storfe Primatar, som menneske og sjimpanse Reinsdyr

Blant fiskar (stimfisk): Lodde Sild

Blant fuglar: Due Høns

Kjelder

elefanter, snl.no - Homofile bra for flokken, forskning.no Sjelebot i fjøset , forskning.no Torsken kan gjenoppstå , forskning.no Taper på å fly i flokk , forskning.no Sau – et flokkdyr uten leder , bjorneparken.no Ulv (Canis lupus), nhm.uio.no Visste du at reinen er et flokkdyr , naturoppsyn.no

Kategori:Dyreåtferd