«Don't Be Cruel» er ein song spelt inn av Elvis Presley og skriven av Otis Blackwell i 1956.Victor (2008), The Elvis Encyclopedia, s. 115-116 Songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2002. I 2004 vart han rangert på 197. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane.

Elvis Presley

Innspeling «Don't Be Cruel» var den første songen som forleggjarane til Presley, Hill and Range, gav til han. Blackwell var meir enn nøgd med å gje frå seg halvparten av honorara som låtskrivar til Presley og sikre at ein «heit, ny songar spelte han inn».

Freddy Bienstock, forleggjaren til Elvis, ga følgjande forklaring til kvifor Elvis vart tilskriven på songar som «Don't Be Cruel.» «På denne tida kunne Elvis vere misnøgd med somme tekstlinjer og han gjorde endringar, så det var ikkje berre for å få ein del av kaka. Namnet hans stod ikkje oppført som låtskivar etter det første året.First pressing of the single Hound Dog med Don't Be Cruel http://rcs-discography.com/rcs/show_pic.php?key=3330&type=ls Men om Elvis likte songen, kunne låtskrivarane bli tilbydd ein garanti på ein million plater om dei gav frå seg ein tredjedel av honorara til Elvis.»Interview with Freddy Bienstock http://www.elvis.com.au/presley/freddy_bienstock.shtml

Presley spelte inn songen 2. juli 1956 under ei lang innspeling i RCA sitt studio i New York City. Under denne innspelinga spelte han òg inn «Hound Dog» og «Any Way You Want Me».Guralnick/Jorgensen, Elvis: Day by Day, s. 77-78 Songen vart spelt inn med det faste bandet til Presley med Scotty Moore på sologitar (med Presley vanlegvis på rytmegitar), Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer, og korvokal av The Jordanaires. Innspelinga vart offisielt produsert av Stephen H. Sholes frå RCA, men studioinnspelina syner at Presley produserte songane sjølv med å velje ut songar, omarbeide arrangementet på piano og insisterte på 28 forsøk før han var nøgd. Han spelte òg 31 forsøk av «Hound Dog».

Utgjeving Singelen vart gjeven ut 13. juli 1956 med «Hound Dog» på andre sida. I løpet av få veker hadde «Hound Dog» nådd andreplassen på poplista med over ein million selde singlar. Kort tid etter tok «Don't Be Cruel» over med førsteplassen på alle dei tre viktige listene: pop, country og R n'B. Mellom dei låg begge osongan epå toppen av poplista i 11 veker, og tangerte rekorden til Anton Karas med «The Third Man Theme» og Johnnie Ray med «Cry» for lengste periode på toppen av lista. Rekorden vart først slått av «End of the Road» av Boyz II Men i 1992. Mot slutten av 1956 hadde singelen seld over fire millionar eksemplar. Billboard rangerte songen på andreplassen for 1956.Billboard Year-End Hot 100 singles of 1956

Presley spelte «Don't Be Cruel» på alle tre framsyningane hans på The Ed Sullivan Show i september 1956 og januar 1957.

Ettermåle «Don't Be Cruel» vart den mestseljande singelen til Presley i 1956 og hadde i 1961 seld over seks millionar eksemplar. Han vart mykje spelt på konsertane hans fram til han døydde i 1977, ofte i lag med «Jailhouse Rock» eller «(Let Me Be Your) Teddy Bear» frå 1969.

Beatles-versjonen I følgje forfattaren Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 362) framførte The Beatles songen på konsertane sine frå 1959 og fram til minst 1961, om ikkje enno lenger. Det finst ingen kjende innspelingar av versjonen deira. Dei spelte til slutt inn ein tilbakelent versjon under Get Back-innspelinga i 1969, men denn vart ikkje gjeve nut. John Lennon, Ringo Starr, Pete Best og dei tidlegare bandmedlemmane til Lennon, The Quarrymen, og Tony Sheridan (som vart spurt om å bli med i The Beatles) spelte alle inn versjonar av han.

Andre versjonar Mane artistar har spelt inn songen, som Connie Francis (1959, Rock 'n' Roll Million Sellers), Annette Peacock, Barbara Lynn (1963, Jamie #1244 45 RPM, #93 på Hot 100),Barbara Lynn's «Don't Be Cruel» Chart Position Retrieved 18. juni 2012. Bill Black's Combo, Billy Swan, Devo, Cheap Trick, Daffy Duck, Merle Haggard, Jerry Lee Lewis, Neil Diamond og Jackie Wilson. Presley har sagt at han vart så imponert over versjonen til Wilson , at han seinare nytta mange av Wilson sine manérar i sin eigen versjon. Debbie Harry spelte inn songen for hyllestalbumet til Otis Blackwell, Brace Yourself! A Tribute to Otis Blackwell.Che, Cathy (1999), 'Deborah Harry: platina Blonde', MPG Books Ltd, Cornwall, s. 238 Ein versjon av den amerikanske countryduoen The Judds nådde tiandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1987. Versjonen til Cheap Trick nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i 1988.

Jonathan Rhys Meyers mina til originalversjonen av songen i ein scene frå Elvis, der han spelar songen på Jacksonville Theater.

Suzi Quatro vart inspirert av Presley som song «Don't Be Cruel». Ho er den første kvinnelege bassisten som vart ei stor rockestjerne. Dette braut barrierer for kvinner i rock.

Plassering

Bill Black's Combo Lister (1960)PlasseringUS Billboard Top 100 Singles11US R&B Singles9Den britiske singellista32

Billy Swan Lister (1975)PlasseringAusterriksk Topp 4016Den franske singellista18Den tyske singellista26Den sørafrikanske singellista12Den sveitsiske singellista4Den britiske singellista42

Årslister Lister (1975)PlasseringDen sveitsiske singellista19

The Judds Lister (1987)PlasseringCanada RPM Top Country Tracks4

Cheap Trick Lister (1988)PlasseringUS Billboard Mainstream Rock Singles8Den australske singellista4Den newzealandske singellista6UK Singles Charts77

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Don't Be Cruel» frå , den 29. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Songar frå 1956 197 Kategori:Songar skrivne av Otis Blackwell Kategori:Songar skrivne av Elvis Presley Kategori:Billy Swan-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:Merle Haggard-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Devo-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:The Judds-songar Kategori:John Lennon-songar Kategori:Jackie Wilson-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar produserte av Richie Zito Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Curb Records-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Songar produserte av Stephen H. Sholes