RiksTV AS, tidlegare NTV Pluss, er eit norsk betal-TV-selskap om vart stifta den 17. november 2005. Selskapet leiger kapasitet av Norges Televisjon i det digitale bakkenettet. RiksTV har same eigarstruktur som Norges Televisjon, eigd av NRK, TV2 og Telenor med 1/3 kvar.
Den 14. mars 2007 bytte NTV Pluss namn til RiksTV.«NTV Pluss bytter navn» , artikkel på digi.no 14. mars 2007
TV-kanalar RiksTV tilbyr fylgjande fjernsynskanalar:
RiksPakken: TV 2 TVNorge TV3 TV 2 Zebra Discovery Channel Disney Channel The Voice TV SportN TV 2 Filmkanalen TV 2 Nyhetskanalen Viasat 4 FEM National Geographic Channel Animal Planet BBC World
RiksEkstra Canal+ Sport 1 Canal+ Film 1 Canal+ Film 2 TV 2 Sport (berre hovudkanalen)
Einskildkanalar TV 2 (Gratis ut 2009) Åpen kanal (frå 2008) Lokal TV (frå 2008)
NRK sender sine kanalar gratis og ope i det digitale bakkenettet.
Kritikk
RiksTV har fått ein konsesjon som vert tolka ulikt av selskapet sjølv og Forbrukarrådet. Forbrukarrådet meiner at selskapet har brote konsesjonsvilkåra ved å nekta Viasat4 tilgang til nettet og at Stortinget sette som føresetnad at NRK og TV 2 ikkje skulle kunna utnytta posisjonen som eigarar av nettet til fordel for sine eigne kanalar. Etter planen skulle Viasat4 vera ein ny gratiskanal. NTV hevdar på si side at TV2 står i ein særstilling på grunn av avtalen mellom Kulturdepartementet og NTV om gratissendingar av TV2 fram til 2009, og at andre kanalar ikkje kan krevja å få same vilkåra.«"Forbrukerrådet raser over dårligere TV-tilbud"», artikkel på dagasavisen.no]
Då RiksTV den 12. juni 2007 presenterte kanalpakka si, kom det kritikk mot kanalutvalet.«"Et underlig valg"», artikkel på Aftenposten.no 12. juni 2007
RiksTV har dessutan vorte kritisert for å hevda at dei kunne senda HD-TV før dette vart mogleg. Mottakarboksane støtta riktignok sendingar i HD-kvalitet, men fram til det analoge bakkanettet vart stengd, var det for liten kapasitet i det nye nettet.«"RiksTV bløffer om HD-TV"», artikkel på e24.no Prøvesendingar i HD-kvalitet vart gjort under opning og avslutningsseremoniane av Sommar-OL 2008 i Beijing, medan ein slo av NRK2 sine sendingar.Åpningsseremonien i Beijing i HD ,artikkel på NRKbeta.no 2. juli 2008
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norsk fjernsyn Kategori:Skipingar i 2005