31. mars er den 90. dagen i den gregorianske kalenderen (91. under skotår). Det er 275 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Balbina

Hendingar

Utlandet 1492: Alhambra-ediktet gjeve av dronning Isabella av Castilla gav dei jødane i landet ordre om å omvenda seg til kristendommen eller forlata landet. 1854: Kanagawa-traktaten opna hamnebyane Shimoda og Hakodate i Japan for amerikansk handel. 1885: Storbritannia skipa protektoratet Bechuanaland i det som no er Botswana. 1889: Opninga av Eiffeltårnet. 1909: Serbia godtok austerriksk kontroll over Bosnia-Hercegovina. 1959: Den fjortande dalai lamaen Tenzin Gyatso kryssa grensa frå Tibet til India der han fekk politisk asyl. 1964: Eit statskupp i Brasil gav landet ei militærregjering med general Castello Branco som leiar.

Noreg 1946: Alle 14 ombord kom vekk då fiskeskøyta «Bratteggen» forliste ved innløpet til hamna i Laukvik i Lofoten. 1978: Noreg sender frå Gardermoen den aller fyrste kontingenten av UNIFIL-soldatar til FN-teneste i Libanon.

Fødde

250: Constantius Chlorus, keisar Konstantius I av Romarriket 1360: Philippa av Lancaster, dronning av Portugal 1425: Bianca Maria Visconti, hertuginne av Milano 1499: Pave Pius IV 1504: Guru Angad Dev, den andre av dei ti sikh-guruane. 1536: Ashikaga Yoshiteru, japansk shogun 1576: Louise Juliana av Nassau, regent av Bøhmen 1732: Franz Joseph Haydn, austerriksk komponist 1927: César Chávez, amerikansk arbeidarleiar

Døde mini|Frans I av Frankrike

1340: Ivan I av Russland 1547: Frans I av Frankrike 1631: John Donne, engelsk diktar 1855: Charlotte Brontë, britisk forfattar 1923: Torkell Mauland, norsk folkeminnesamlar 1931: Knute Rockne, norsk-amerikansk trenar i amerikansk fotball 1945: Anne Frank, tyskfødd nederlandsk forfattar 1972: Meena Kumari, indisk filmskodespelar og diktar 1980: Jesse Owens, amerikansk friidrettsutøvar 1988: William McMahon, australsk statsminister 2018: Frode Viken, norsk musikar og låtskrivar