«Roll Over Beethoven» er ein song og singel av Chuck Berry frå 1956. Han vart opphavleg gjeven ut på Chess Records med «Drifting Heart» som b-side. Teksten nemner rock and roll og ønsket om at rhythm and blues skal erstatte klassisk musikk. Songen har vorte spelt av mange andre artistar og Rolling Stone plasserte songen på 97. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Berry si utgåve vart opphavleg gjeven ut på singel av Chess Records i mai 1956 med «Drifting Heart» som B-side.
Inspirasjon og tekst
Berry skreiv songen som svar på at systera Lucy alltid nytta pianoet til familien til å spele klassisk musikk, medan han ønskte å spele moderne populærmusikk.
I tillegg til klassisk komponistar som Beethoven og Tsjaikovskij nemner eller hintar teksten om fleire populære artistar. «Early in the morning» er tittelen på ein Louis Jordan-song og «Blue Suede Shoes» viser til Carl Perkins sin song. «Hey Diddle Diddle» kjem frå eit barnerim. Sjølv om det vert nemnd rocking og rolling i teksten så er det rhythm and blues som den klassiske musikken må vike for.
Som «The Tennessee Waltz» er «Roll Over Beethoven», ein sjølvrefererande song, altså ein song om songen i seg sjølv.
Coverversjonar Songen har vorte spelt av mange artistar gjennom tidene, dei mest kjende versjonane av Jerry Lee Lewis, The Beatles og Electric Light Orchestra. Andre artistar som har spelt songen er Mountain, Ten Years After, Raul Seixas, Leon Russell, Status Quo, The Rolling Stones, The Byrds, Jan & Dean, The 13th Floor Elevators, The Sonics, Wes Paul, Gene Vincent, Quartz, Johnny Winter, Uriah Heep, Kickhunter, Johnny Rivers, M. Ward, Iron Maiden og Margaret Lewis.
The Beatles «Roll Over Beethoven» var ein av favorittsongane til John Lennon, Paul McCartney og George Harrison sjølv før dei hadde gjeve bandet sitt namnet «The Beatles», og dei heldt fram å spele songen på konsertar på dei amerikanske turneane i 1964. Versjonen deira vart spelt inn 30. juli 1963 og vart gjeven ut på With the Beatles med George Harrison på vokal og gitar. Songen vart gjeven ut på singel og gjekk mellom anna opp til 2. plass på den norske VG-lista i 1964 og var på Topp 10 i til saman sju veker.VG-lista
Electric Light Orchestra
«Roll Over Beethoven» var òg den andre singelen til Electric Light Orchestra og var den andre hitten dei fekk inn på topp 10 på den britiske singellista. ELO si albumutgåve på ELO 2 av songen varte åtte minuttar og opnar med Skjebnesymfonien av Beethoven, mens delar av symfonien dukkar opp her og der utover i songen, fint blanda saman med rock'n'roll-songen til Chuck Berry. Songen brukte å avslutte konsertane deira og vart deira kjenningsmelodi.
Lister Liste (1973) Plassering Australian Kent Music Report Singles Chart 53 Nederlandske GfK-lista 19 Tyske Media Control-lista 22 UK Singles Chart 6 U.S. Billboard Hot 100 42 U.S. Cash Box Top 100 Singlar 48 U.S. Record World Singlar 31
Bakgrunnsstoff Chuck Berry spelar songen live
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Roll Over Beethoven» frå , den 19. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Andre kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Chess Records-singlar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Electric Light Orchestra-songar Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Narvel Felts-songar Kategori:Ten Years After-songar 097 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry Kategori:Ludwig van Beethoven i popkulturen Kategori:Songar om musikk Kategori:The Knickerbockers-songar Kategori:The Sonics-songar Kategori:The 13th Floor Elevators-songar