Karpinskijgruppa er ei vulkangruppe som ligg sør på Paramusjir i Kurilane i Russland. Oppå gruppa ligg to slake kjegler som stig til ei høgd på 1345 meter over havet. Dei består av andesitt og andesitt-basalt. I dei to kratera finn ein fumaroler og fontener av flytande svovel. Det siste store og einaste historiske utbrotet kom i 1952. Sidene av vulkanane er dekte av isbrear som har danna fleire dalbotnar ein tidlegare trudde var eroderte krater. Vulkanane er kalla opp etter geologen Aleksandr Petrovitsj Karpinskij.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karpinsky Group» frå , den 17. september 2008. oppgav desse kjeldene:
"Карпинского Вулкан" Store Sovjetiske Leksikon
Kategori:Kurilane Kategori:Fjell i Russland Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Vulkankjegler Kategori:Aktive vulkanar