Ski var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa til Oppegård og Oslo kommune i nord, Enebakk og Hobøl i aust, Ås i sør og mot Frogn i vest. Den 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Oppegård kommune til Nordre Follo kommune.

mini|venstre|Kråkstad kyrkje, ei av dei to mellomalderkyrkjene i Ski mini|venstre|På Ski stasjon snur mange lokaltog frå Oslo.

Ski var òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.

Namnet «Ski» kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.

Kommunen omfatta tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).

Kjelder

Bakgrunnsstoff Ski kommune (Offisiell nettstad)

Kategori:Tidlegare kommunar i Akershus

Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019