mini|Bill Haley spelte inn «Rocket 88» i 1951, noko som er rekna som den første rockabilly-innspelinga. Rockabilly er ei av dei tidlegaste formene for rock and roll og oppstod tidleg i 1950-åra.

mini|«Crawdad Hole» i ei innspeling av Jack Earls and the Jimbos frå 1956. Uttrykket rockabilly er ei samantrekking av rock'n'roll og hillbilly. Sistnemnde referer til country, som ofte vart kalla hillbilly music i 1940- og 1950-åra og som medverka til utviklinga av sjangeren. Andre musikkstilar som påverka sjangeren var western swing, blues, boogie woogie og jump blues. Sjølv om det er nokre viktige unntak oppstod sjangeren hovudsakleg i Sørstatane i USA.

Påverknaden han hadde og populariteten til sjangeren minka utover 1960-åra, men seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet fekk rockabilly ein stor oppgang igjen og har halde seg relativt populær sidan den gong, ofte innanfor ein rockabillykultur.

Opphav Det var eit nært band mellom blues og country frå dei aller først countryinnspelingane i 1920-åra. Den første nasjonale «country»-hitten i USA var «Wreck of the Old '97», med «Lonesome Road Blues» som B-side, som òg vart særs populær. Jimmie Rodgers, den «første verkelege countrystjerna», vart kjend som «Blue Yodeler» («den blå jodlaren») og dei fleste songane hans hadde ein akkordprogresjon som i blues, men med heilt andre instrument og eit anna lydbilete enn sine svarte kollegaer som Blind Lemon Jefferson og Bessie Smith.Mystery Train: Images of America in Rock ‘n’ Roll Music by Greil Marcus 1982 E.P. Dutton s.291

I 1930- og 1940-åra dukka to nye lydbilete opp som blanda country med dåverande svarte musikkstilar. Bob Wills and his Texas Playboys var i førarsetet for Western Swing, som kombinerte countrysynging og steel gitar med storbandjazz og blåsarar. Willis sin musikk vart særs populær. Etter at bluesartistar som Meade Lux Lewis og Pete Johnson introduserte boogie-musikk for heile landet i 1938, byrja countryartistar som Moon Mullican, the Delmore Brothers, Tennessee Ernie Ford og the Maddox Brothers and Rose å spele noko som vart kalla «Hillbilly Boogie», som bestod av «hillbilly»-vokal og instrument med ein boogiebasstil.Country: The Twisted Roots of Rock & Roll by Nick Tosches 1996 Da Capo Press

The Maddox Brothers and Rose var ei av dei fremste gruppene innan rockabilly med ein slapbass som Fred Maddox utvikla Andre meiner òg at dei ikkje berre var ei av dei fremste gruppene, men at dei var ei av dei første, om ikkje den første, rockabilly-gruppa.

Bill Monroe er kjend som opphavet til bluegrass, ein særeigen countrysjanger. Mange av songane hans hadde ei bluesform, medan andre tok form som folkeballadar, salongsongar eller valsar. Bluegrass var ein viktig del av country tidleg i 1950-åra og vert ofte nemnd som ein del av utviklinga av rockablly.Bluegrass Breakdown: The Making of the Old Southern Sound av Robert Cantwell 1992 Da Capo Press

Honky Tonk-stilen, som ofte fokuserte på arbeidarklassen med tema som tapt kjærleik, utruskap, alkoholisme og sjølvmedkjensle, inkluderte energiske, raske Hillbilly boogie-songar. Enkelte kjende artistar som spelte inn denne typen songar var the Delmore Brothers, the Maddox Brothers and Rose, Merle Travis, Hank Williams, Hank Snow og Tennessee Ernie Ford."The Roots of Rock 'n' Roll 1946-1954" 2004 Universal Music Enterprises

Curtis Gordon sin «Rompin' and Stompin'» frå 1953 er ein rask hillbilly-boogie-song som har tekstlinja «Way down south where I was born, They rocked all night 'til early morn', They start rockin', They start rockin' an rollin'.»Curtis Gordon innspelingar

Memphis i Tennessee The Saturday Night Jamboree The Saturday Night Jamboree var ein lokal konsert som vart halden kvar laurdagskveld ved Goodwyn Institute Auditorium i Memphis i Tennessee i 1953-54. Det som derimot var viktigare her var det som gjekk føre seg i garderobane bak scenen. Her samla musikarar seg og eksperimenterte med nye stilar der dei blanda rask country, gospel, blues og boogie woogie. Musikarane kom med nye gitarbitar som dei hadde utvikla og lære dei bort til andre, medan dei sjølv lærte andre sine gitarbitar. Etter kvart vart dei nye stilane prøvd ut på publikum.

I løpet av eitt år spelte desse musikarane inn desse songane i platestudio rundt om i byen. Eit par år seinare vart denne musikken kalla rockabilly. The Saturday Night Jamboree var derfor truleg den første staden der det vart spelt rockabilly.

mini|«Dixie Fried» framført av Carl Perkins. Carl Perkins Bondesønene Carl Perkins, Jay Perkins og Clayton Perkins, i lag med trommeslagar W. S. Holland, hadde spelt sin eigen musikk om lag 150 km frå Memphis. The Perkins Brothers Band, med Carl og Jay på vokal var raskt eit av dei heitaste banda i honkytonk-kretsar i Jackson i Tennessee. Dei spelte mange klassiske hillbilly-songar, som Hank Williams sine, men i eit raskare tempo.«The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and roll» av Jerry Naylor og Steve Halliday ISBN-13;: 978-I-4234-2042-2 Det var her Carl Perkins utvikla sine første songar med tanke på framtida. Han såg etter teikn på dansegolvet og utvikla ein meir rytmisk-basert musikkstil som verken var country eller blues, men som hadde element av begge. Han sende demosongar til plateselskap i New York City, men fekk til svar at stilen hans ikkje passa inn i den kommersielle trenden. Dette skulle derimot endre seg i 1954. Rockabillyhall om Carl Perkina

Uttrykket rockabilly Sjølv om uttrykket var vanleg før the Burnettes skreiv «Rock Billy Boogie» var ein av dei første gongane rockabilly stod på trykk den 23. juni 1956 i Billboard sin kritikk av Ruckus Tyler sin song «Rock Town Rock».

Den første plata som inneheldt ordet «rockabilly» i ein songtittel vart gjeve ut i november 1956 og heitte «Rock a Billy Gal».RCS database

Nord for Mason Dixon-linja Bill Haley I 1951 spelte Bill Haley inn ein versjon av «Rocket 88» med gruppa si the Saddlemen. Dette vert rekna som ein av dei første rockabilly-innspelingane og vart etterfølgd av versjonar av «Rock the Joint» i 1952 og originalane «Real Rock Drive» og «Crazy Man, Crazy», sistnemnde nådde 12. plass på Billboard-lista i 1953.

12. april 1954 spelte Haley og bandet hans (som no heitte Bill Haley & His Comets) inn «Rock Around the Clock» for Decca Records i New York City. Då denne kom ut i mai same året gjekk den inn på 23. plass på salslista og selde 75 000 eksemplar. Eit år seinare opna songen filmen Blackboard Jungle og raskt etterpå toppa han listene i heile verda. I USA låg songen på førsteplass i åtte veker og hamna på 2. pass på Billboard si Hot 100-liste for 1955.Billboard Hot 100 1955

Bill Flagg Bill Flagg frå Connecticut byrja å kalle kombinasjonen sin av rock 'n' roll og hillbillymusikk for rockabilly så tidleg som i 1953. Han spelte inn fleire songar for Tetra Records i 1956 og 1957. «Go Cat Go» gjekk inn på den nasjonale salslista i 1956 og hans «Guitar Rock» vert rekna som ein klassisk rockabillysong.

Elvis Presley Sun Records var eit lite sjølvstendig plateselskap styrt av Sam Phillips i Memphis, Tennessee. I fleire år hadde Phillips spelt inn og gjeve ut artistar innan blues og country frå nærområdet. Han hadde òg eit tilbod der kven som helst kunne kome inn i studio for $3.98 (pluss moms) å spele inn ei plate med to songar. Ein ung mann som kom får å spele inn ei slik plate, i følgje han sjølv for å overraske mora, var Elvis Presley."Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' side 54

Presley gjorde godt inntrykk på Phillips sin faste gitarist Scotty Moore, som så i lag med bassist Bill Black gjekk i saman for å arbeide med den unge Elvis. Begge var frå eit lokalt western swing-band kalla the Starlight Wranglers, ."Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' side 55 Trioen øvde inn fleire songar, frå tradisjonell country, til «Harbor Lights», ein hitt for vokalisten Bing Crosby til gospel. Under ein pause den 5. juli 1954 spratt Elvis opp og starta å spele gitar og synge «That's Alright, Mama» (ein bluessong av Arthur «Big Boy» Crudup frå 1946). More og Black heiv seg på og Phillips vart så begeistra at han bad dei starte på nytt att så han kunne spele det inn. Etter eit par forsøk var singelen innspelt og 19. juli 1954 vart songen i lag med «Blue Moon of Kentucky», ein standard countrysong, gjeve ut på singel."Newsweek" 18. august, 1997 Good Rockin' s. 55

Då «That's Alright» vart spelt på radio i Memphis starta lyttarar å ringe inn for å spørje etter songen, men frå 18. august 1954 til 8. desember 1954 var likevel «Blue Moon of Kentucky» heile tida høgare på listene.elvis.com Ingen var sikre på kva dei skulle kalle denne musikken så Elvis vart skildra som «The Hillbilly Cat» og «King of Western Bop». Dei neste åra spelte Elvis inn fire singlar til for Sun. Desse songane var med på å definere sjangeren rockabilly med slapbass, gitarplukking, mykje ekko og vokal med hikke, stamming og sprang frå falsett til djup bass og tilbake igjen.Miller, Jim (redaktør). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll (1976). New York: Rolling Stone Press/Random House. ISBN 0-394-40327-4. s. 64-67)Sun Records: An Oral History av John Floyd 1998 Avon Books s. 29

Mot slutten av 1954 spurte Elvis trommeslagaren D.J. Fontana om han ville vere med dei å spele trommer."Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' s. 57 Andre rockabilly-artistar nytta òg trommer på denne tida, men dei var sjeldne å høyre i country. Sun-singlane til Elvis Presley kombinerte ein bluessong på eine sida med ein countrysong på den andre, men begge vart sunge på same måte.

Cash, Perkins og Presley I 1954 spelte både Johnny Cash og Carl Perkins for Sam Phillips. Cash håpte på å spele inn gospelmusikk, men Phillips sa nei til dette. Cash kom ikkje tilbake før i 1955. I oktober 1954 møtte Carl Perkins og The Perkins Brothers Band opp ved Sun Studios. Phillips spelte inn Perkins sin originale song «Movie Magg», som vart gjeve ut på singel tidleg i mars 1955 på selskapet Flip, som var eit countrymusikkselskap.

Den andre og tredje innspelinga til Elvis vart ikkje ein like stor suksess som den første.Elvis Presley Classic Albums DVD by Eagle Eye Media EE19007 NTSC Ernst Jorgenen Historian og RCA producer Den fjerde kom i mai 1955 og var «Baby, Let’s Play House», som nådde femte plass på den nasjonale countrylista til Billboard.

Cash kom tilbake til Sun i 1955 med songen sin «Hey Porter» og gruppa the Tennessee Three, som vart the Tennessee Two før innspelinga var over. Denne songen og ein annan Cash-song kalla «Cry! Cry! Cry!» vart gjevne ut i juli dette året. «Cry, Cry, Cry» kom inn på Billboard si topp 20-liste og nådde 14. plass.Johnny Cash på cmt.com

I august gav Elvis ut songane «I Forgot To Remember To Forget» og «Mystery Train» på Sun. Den førstnemnde låg totalt 39 veker på countrylista til Billboard, mellom anna fem veker på førsteplass, medan «Mystery Train» nådde 11. plass.

Gjennom det meste av 1955 turnerte Cash, Perkins, Presley og andre Louisiana Hayride-artistar gjennom Texas, Arkansas, Louisiana og Mississippi. Sun gav ut to Perkins-songar til i oktober, «Gone, Gone, Gone» og «Let the Jukebox Keep on Playing».

1955 var òg året då Chuck Berry gav ut den hillbilly-aktige «Maybellene», som nådde høgt opp på salslistene og Bill Haley & His Comets gav ut «Rock Around the Clock».Billboard 1955 Rock 'n' roll generelt, og særleg rockabilly, fekk eit gjennombrot dette året og Elvis Presley sine «Heartbreak Hotel» og «Don't Be Cruel» toppa òg Billboardlista i 1956.Billboard 1956

Innspelingsteknikkar mini|«Greenback Dollar, Watch and Chain» framført av Ray Harris i 1957, med mellom anna Jerry Lee Lewis på piano og Roy Orbison som korar.