Blåskjerdingen er ein fjelltopp på grensa mellom kommunane Ålesund i vest og Vestnes i aust. Bygda Vatne ligg på vestsida, og Tomrefjorden på austsida. Eit skar delar toppen i to. I nord ein smal topp på 1069 m, og i sør eit langstrakt platå som når 1062 m. Fjellet er lett å nå frå fleire kantar. Med sin posisjon nær havet og berre omgitt av lågare fjell er Blåskjerdingen godt synleg mange stader i ytre og midtre delar av distriktet.
Blåskjerdingen er det høgste fjellet i Haram kommune. På veg opp til Skjerdingen er det eit rikt planteliv. Dette vart første gong kartlagt av presten Hans Strøm, som skreiv om dette i «Beskrivelse over Søndmør» frå 1766.
Kategori:Fjell i Romsdal Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Vestnesfjella Kategori:Fjell i Ålesund Kategori:Geografi i Vestnes