Høgsvora (1164 moh.) ligg på grensa mellom kommunane Ålesund og Vestnes. Namnet vert brukt i Ørskog. I Vestnes markerer denne toppen vestenden av ein fjellrygg som vert kalla Næremstindane og som er like høg lengre aust. Høgsvora er eit populært mål på skiturar, der ein startar frå overgangen mellom Vaksvika i Ørskog og Tresfjord i Vestnes.
Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Fjell i Romsdal Kategori:Vestnesfjella Kategori:Geografi i Vestnes Kategori:Fjell i Ålesund