14 (romartal XIV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjend som året då Pompeius og Appuleius var konsular, eller sjeldnare, år 767 ab urbe condita.
Hendingar
Første året av tianfeng-tida i det kinesiske xin-dynastiet. Tiberius blei ny keisar av Romarriket etter stefar sin, Cæsar Augustus. Dei romerske legionane i Germania og Pannonia gjorde opprør etter at Augustus døydde. Germanicus blei gjort til kommandør for styrkane i Germania.
Fødde Lucius Caecilius Iucundus, romersk bankier Marcus Junius Silanus, romersk konsul
Døde 19. august: Augustus av Romarriket Julia Cæsaris, dotter til Cæsar Augustus