Tuakau er ein by i Franklin District, i den delen av distriktet som ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Folketalet i byen var ved folketeljinga i 2006 3 504, ein oppgang frå 2 856 ved teljinga i 2001.

Byen, som vart grunnlagd i 1840, er tenestestad for det lokale jordbruksdistriktet, og er dessutan bustad til mange av dei tilsette i New Zealand Steel ved Glenbrook. Jordbruksaktivitetane består i sauedrift, mjølkeproduksjon, grønsakdyrking, fruktdyrking og fjørfedrift.

Den største grunnskulen i byen er Tuakau Primary, der Edmund Hillary var elev.

Den største byen i nærleiken er Pukekohe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tuakau» frå , den 25. august 2008.

Bakgrunnsstoff Bykart over Tuakau - kan zoomast Om Tuakau i Te Ara - An Encyclopaedia of New Zealand 1966

Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato