Joseph Robinette Biden, Jr. (), oftast berre kalla Joe Biden, er ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet i USA. Han var den 46. presidenten i USA, frå 2021 til 2025. Han var senator i det amerikanske senatet for delstaten Delaware frå 1973 til 2009, og seinare den 47. visepresidenten i USA under Barack Obama frå 2009 til 2017.

Bakgrunn Joe Biden vart fødd ved St. Mary's Hospital i Scranton i Pennsylvania og gjekk på St. Paul's grunnskule i byen. I 1955 flytta han saman med familien til Mayfield i Delaware. mini|Joe Biden som student ved University of Delaware i 1965. I 1962 byrja Biden å studere historie og politisk vitenskap ved University of Delaware. Undervegs i studietida møtte hnan Neilia Hunter, som studerte ved Syrcause University i New York. Etter at han var ferdig med studiane i Delaware i 1965, byrja Biden å studera juss ved Syracuse University.

Biden og Hunter gifta seg 27. august 1966. Etter at Biden vart ferdig med jusstudiet ved Syracus flytta paret til Wilmington der han jobba som jurist.

Den fyrste kona til Biden, Neilia (f. Hunter), døydde i ei bilulukke i 1973 saman med det eine av tre barn. I 1977 gifte Biden seg med Jill Tracy Jacobs, og dei har eitt barn saman.

Politikk I 1970 vart han vald inn til fylkesstyret i New Castle der han hadde vervet fram til 1972. Som den femste yngste personen gjennom historia vart Biden vald inn i det amerikanske senatet i 1973. Han har sete som senator i totalt seks periodar etter dette. Biden var leiar i justiskomitéen frå 1987 til 1995.

Han stilte som presidentkanditat for Det demokratiske partiet i 1988 og i 2008, men trakk ved begge høva sitt kandidatur grunna manglande oppslutnad. Etter å ha trukke seg som presidentkandidat i januar 2008 vart han i august 2008 vald av Barack Obama som kandidat for rolla som visepresident.

Biden vart vald til USAs 46. president i det amerikanske presidentvalet i 2020 og innsett som president 20. januar 2021.

Ved presidentvalet i 2024 vart han vald som presidentkandidat for Det demokratiske partiet, men trekte seg som kandidat før valet.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:USA-amerikanske juristar Kategori:Senatorar i USA Kategori:Folk frå Pennsylvania Kategori:Folk frå Delaware