Ein epoke i geologien er eit tidsavsnitt i historia til jorda. Ein epoke kan var frå mellom 12 000 år til 50 millionar år. Epokar er ein del av ein periode, og er sjølv delt inn i aldrar.

Den yngste av æraene, kenozoikum, vert vanlegvis delt inn i sju epokar: paleocen (66–56 millionar år sidan), eocen (56–34 millionar år sidan), oligocen (34–23 millionar år sidan), miocen (23–5 millionar år sidan), pliocen (5 330 000–1 810 000 år sidan), pleistocen (1 810 000–11 500 år sidan) og holocen (frå 9500 f.Kr. til i dag).

Vitskapen som forskar på og definerer epokar heiter stratigrafi.