Angara er òg eit alternativt namn på kontinentet Siberia.

Angara (russisk Ангара́) er ei 1779 km lang elv i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj, søraust i Sibir i Russland. Ho er den einaste elva som renn ut frå Bajkalsjøen og er ei av kjeldeelvane til Jenisej.

Angara renn ut frå Bajkalsjøen nær Listvjanka og renn ordover gjennom byane Irkutsk, Angarsk, Bratsk og Ust-Ilimsk i Irkutsk oblast. Ho snur så vestover og inn i Krasnojarsk kraj, og munnar ut i Jenisej nær Strelka (40 km aust for Lesosibirsk).

Stykket av elva nedanfor samløpet med Ilim vart tidlegare kalla for Øvre Tunguska (russisk Верхняя Тунгуска, Verkhnjaja Tunguska).

Demningar og reservoar Tre store vasskraftverk er bygd langs Angara sidan 1950-åra. Irkutskdemninga, som dannar Irkutsk-reservoaret fyller elvedalen frå kjelda til Irkutsk og har heva vassnivået i Bajkalsjøen noko. Bratskdemninga, som dannar Bratsk-reservoaret. Ust-Ilimsk-demninga ved Ust-Ilimsk, dannar Ust-Ilimsk-reservoaret. Bogytsjanyjdemninga (under bygging), ved Kodinsk

Transport mini|venstre|Angara i Irkutsk Angara vert nytta til transport i fleire stykke av elva.Енисейское пароходство: Ангара - судоходство и грузоперевозки frå Bajkalsjøen til Irkutsk; frå Irkutsk til Bratsk; på Ust-Ilimsk-reservoaret; frå Bogutsjanyjdemininga til elva munnar ut i Jenisej.

Stykket mellom Ust-Ilimsk-demninga og Bogutsjanyjdemninga har ikkje vore framkommeleg på grunn av stryk. Når Bogutsjanyjdemninga står ferdig og er fylt opp vil derimot delar av dette stykket verte framkommeleg. Ingen av dei fire demningane er utstyrt med sluser.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angara River» frå , den 24. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Angara søraust i Russland Angara på baikal.ru Ny bru over Angara Bilete Kart over regionen Bilete

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Irkutsk oblast Kategori:Elvar i Krasnojarsk kraj