Ligurisk er eit romansk språk tala i Liguria nord i Italia og langs Rivieraen, i Monaco og delar av Frankrike, og nokre stader på Korsika og Sardinia. Den viktigaste dialekten er zenéize eller genovesisk som blir tala i Genova, den største byen i Liguria.
Ligurisk liknar meir på piemontesisk, lombardisk og fransk enn standard italiensk. Dei fleste talarane er fleirspråklege med italiensk som andrespråk.
I Monaco talar ein den monegasiske dialekten (munegascu) som hadde få talarar på 1970-talet. Undervising i skulane gjorde at språket blei kjend for fleire.
Dei liguriske dialektane på Sardinia blir kalla tabarchin. Han blir særleg tala i Carloforte på San Pietro og i Calasetta på Sant'Antioco.
Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom moderne ligurisk og språket som blei tala i Liguria i oldtida.
Bakgrunnsstoff
Dikt på ligurisk med spansk omsetjing Alfabet og ortografi for genovesisk Ordbøker til nedlsting for genovesisk og spansk eller engelsk GENOVÉS.com.ar (genuanska)(spanska) GENOVÉS.com.ar (English version) - Ligurian language & culture, literature, photos and resources to learn Ligurian (engelska) A Compagna (Genua) (italienska) Fonologia (italienska)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liguriska (romanskt språk)» frå , og «Ligurian (Romance language)» frå den 12. januar 2013.
Kategori:Einskildspråk Kategori:Galloromanske språk Kategori:Liguria Kategori:Monaco Kategori:Språk i Italia Kategori:Språk i Frankrike