Absorpsjonskoeffisienten α er den delen av energien i ei innfallande bølgje som vert absorbert. Dette kan vere til dømes lydbølgjer eller elektromagnetisk stråling. I SI-systemet vert eininga til absorpsjonskoeffisienten målt i inverse meter, og er representert med den greske bokstaven α.

Oversyn

I kjemi, biologi og fysikk er absorpsjonskoeffisienten eit mål på kor mykje lys eit spesifikt molekyl kan absorbere. Koeffisienten er nært knytt til absorpsjonstverrsnitt.

Kjennskap til absorpsjonskoeffisienten held berre for å skildre energiforplantinga gjennom eit homogent system. Forplanting gjennom hetrogene system er påverka av spreiing,Bohren,C. F. and Huffman, D.R., «Absorption and Scattering of Light by Small Particles», Wiley, (1983), isbn= 0-471-29340-7 . Det meir generelle uttrykket demping tar hand om både absorpsjon og spreiing. Han vert mykje nytta i akustikk som dempingskoeffisient for å skildre partikkelstorleiksfordeling.Dukhin, A.S. og Goetz, P.J. «Ultrasound for characterizing colloids», Elsevier, 2002, ISO 20998-1:2006 «Measurement and characterization of particles by acoustic methods».

Sjå òg Beer-Lambert-lova Spreiingsteori

Bakgrunnsstoff Absorpsjonskoeffisienten α til byggmaterial og overflater

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Absorption coefficient» frå , den 14. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fysikalsk kjemi Kategori:Akustikk